Emner: PROPSY311C Psykologen som leder - Vår 2021




Studiepoeng

4.0

Studiepoeng, omfang

4

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust/vår

Mål og innhald

Studentane skal opparbeide seg grunnleggande kunnskap om leiing og om korleis organisasjonar er bygd opp og fungerer. Det skal særlig vektleggas kunnskap om ulike leiarroller psykologar kan vere i. Viktige tema vil vere handtering av destruktivitet, konfliktar og mobbing, så vel som korleis leiare kan bidra til trivsel, vekst og læring.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten kan gjere greie for ..

 

 

 

Ferdigheiter:

Studenten kan:

 

 

Generell kompetanse:

Studenten kan:

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne i profesjonsstudiet i psykologi må vere greidd

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar: skal gi ei innføring i og oversikt over viktig leiingsteori, samt viktige oppgåver og roller som leiare innehar. Tema er: Kva er god leiing på norsk? God kommunikasjon og effektiv tilbakemelding. God samhandling og etikk i leiarrollen. Om å utvikle og endre organisasjonar, 12 timer.

 

Lærarstyrte øvingar: Lærarstyrt undervising skal gi studentane moglegheit til praktisk utprøving av sentrale utfordringar for leiare, samt gi erfaring med fenomen og prosesser som er viktige for leiare å forstå og styre. Målet her er refleksjon og personlig læring knytt til egne forutsetningar i leiarrollen, samt ferdigheitstrening i viktige leiaroppgåver. Undervisninga føregår delvis i plenum og delvis i mindre grupper. De vil ha karakter av både testar av egne leiarpreferansar samt tilbakemelding og refleksjon over eigne resultat, men også innehalde diskusjonar, case løysningar, rollespill og gruppesimuleringar. Lærar styrer, kommenterer og sørgjer for framdrift og refleksjon. Det forventas også at studentane arbeider med stoffet gjennom den læreboken i leiing som ligger i anbefalt litteratur. Tema er: Identifisering og refleksjon om egen leiaråtferd basert på Meyers Briggs Typeindikator eller liknande måleinstrument. Tilbakemelding til medstudentar om forutsetninger i leiarrollen basert på MBTI. Case og trening i effektiv kommunikasjon og tilbakemelding i konfliktsituasjonar. Gi tilbakemelding på andre sine refleksjonsnotater. Leiing av problemløysning i mindre grupper. Viktigheten av å fastsette mål (puslespilløving), 19 timer.

Sjølvstudium: Sjølvstudiar utgjer ein viktig del av kurset. Dette baseras på anvist tilrådd litteratur der hovuddelen er å finne i ein lærebok om leiing med utgangspunkt at man skal utvikle seg sjølv som mulig framtidig leiar. Med utgangspunkt i ovenfor angitte studiepoeng (tilsvarande 81 lesetimer) vil dette totalt utgjere ca 540 sider. Kurset avsluttas med eit refleksjonsnotat på 4-6 sider der studentane skildrar kva ein sjølv ser på som viktige sider ved det å være leiar, kva god leiing er, samt refleksjonar over eigne styrker og utviklingsbehov i rollen som leiar. Refleksjonane skal også knyttas til teoriar og modeller om leiing, organisasjon og personlegdom. Refleksjonsnotatet skal være basert på undervisning og sjølvstudiar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltakelse på lærerinstruerte øvelser. Et refleksjonsnotat på 4-6 sider som utgangspunkt for studenttilbakemelding og gruppearbeid. Lesing av andres refleksjonsnotaer for å gi tilbakemelding.

Obligatoriske arbeidskrav blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent.

Vurderingsformer

Emnet er vurdert som bestått når alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent av faglærer.

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd

Vurderingssemester

Haust/vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanningen i psykologi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet