Emner: PSYK115 Døgnrytmer, søvn og atferd - Høst 2021




Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Mål og innhald

Målet med kurset er å gi kunnskap om sentrale aspekt ved søvn og døgnrytme, og kva for rolle søvn og døgnrytmar har for yting, åtferd, kognisjon, mental og fysisk helse. Gjennom forelesningar og øvingar vil studentane verta kjende med korleis søvn og døgnrytmar vert målte - subjektivt og objektivt. Emnet gir innføring i korleis søvn og døgnrytme vert utvikla gjennom livet, og gir teoretisk og praktisk kunnskap om viktigheita av søvnen på kognitive og fysiske prestasjonar, utvikling, metabolisme, stress og andre hjernefunksjonar. I tillegg vil faktorar som kan påverka søvn (for eksempel vanar, samfunnsmessige faktorar, jobb, trening, narkotikamisbruk og kosthald) òg verta vektlagde. Kurset vil gi eit oversyn over dei ulike søvnforstyrringane; frå symptom, årsaker og til handsaming. Samspelet mellom psykisk og fysisk helse og søvn vil òg vera sentrale tema. Studentane vil òg verta gitt kunnskap om individuelle skilnadar i søvn og døgnrytme.

Læringsutbyte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbyte:

 

Kunnskap:

Studenten kan gjera greie for;

  • Samspelet mellom helse, døgnrytme og søvn
  • Individuelle skilnadar ved søvn og døgnrytmar
  • Søvn, døgnrytmar og utviklingspsykologi
  • Korleis søvnmangel påverkar yting og helse
  • Skiftarbeid
  • Søvnforstyrringar

     

    Ferdigheiter:

     

    Generell kompetanse:

    Krav til forkunnskapar

    Ingen

    Studiepoengsreduksjon

    Ingen

    Krav til studierett

    Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

    Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

    18 x 2 timer forelesing, og gruppearbeid.

    Obligatorisk undervisningsaktivitet

    Gjennomføring av ein Multiple Choice test i det digitale vurderingssystemet, der
    2/3 av oppgåvene må svarast riktig for å bli godkjent.

     

    Obligatoriske krav må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.

    Vurderingsformer

    4 timars skuleeksamen der ein skal svare på 5 av 7 kortsvarsoppgåver.

    Hjelpemiddel til eksamen

    Ingen

    Karakterskala

    A-F.

    Fagleg overlapp

    Ingen

    Vurderingssemester

    Vår

    Emneevaluering

    Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

    Emneansvarleg

    Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

    Kontaktinformasjon

    https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet

    Institutt

    Institutt for biologisk og medisinsk psykologi