Målet med kurset er å gi kunnskap om sentrale aspekt ved søvn og døgnrytme, og kva for rolle søvn og døgnrytmar har for yting, åtferd, kognisjon, mental og fysisk helse. Gjennom forelesningar og øvingar vil studentane verta kjende med korleis søvn og døgnrytmar vert målte - subjektivt og objektivt. Emnet gir innføring i korleis søvn og døgnrytme vert utvikla gjennom livet, og gir teoretisk og praktisk kunnskap om viktigheita av søvnen på kognitive og fysiske prestasjonar, utvikling, metabolisme, stress og andre hjernefunksjonar. I tillegg vil faktorar som kan påverka søvn (for eksempel vanar, samfunnsmessige faktorar, jobb, trening, narkotikamisbruk og kosthald) òg verta vektlagde. Kurset vil gi eit oversyn over dei ulike søvnforstyrringane; frå symptom, årsaker og til handsaming. Samspelet mellom psykisk og fysisk helse og søvn vil òg vera sentrale tema. Studentane vil òg verta gitt kunnskap om individuelle skilnadar i søvn og døgnrytme.
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap:
Studenten kan gjera greie for;
Ferdigheiter:
Generell kompetanse:
Gjennomføring av ein Multiple Choice test i det digitale vurderingssystemet, der
2/3 av oppgåvene må svarast riktig for å bli godkjent.
Obligatoriske krav må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.