Emner: PSYK120 Biologisk og kognitiv psykologi - Høst 2021




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane ei innføring i psykologifaget sitt biologiske og kognitive fundament. Emnet tek sikte mot å gje eit første grunnlag til forståing av menneskeleg åtferd og åtferd i andre organismar. Studentane vil gjennom dei to hovudblokkane i emnet verte kjende med psykologien sitt biologiske og kognitive fundament.

Biologisk psykologi skal gje studenten ei grunnleggjande forståing av nervesystemets oppbygning og funksjon, korleis hjernen produserer åtferd og kommuniserer med andre organ. Sentrale fenomen som læring, hugs og emosjonar vert presentert. Studenten skal også bli kjend med det evolusjonsteoretiske grunnlaget for dyr og menneske sin adapsjon/tilpassing til miljøet.

Kognitiv psykologi skal gje studenten ei generell innføring i teoriar om, perspektiv på, og metodar til å studere kognisjon. Studiet skal gje ein gjennomgang av sentrale funn og ein diskusjon av nokre viktige applikasjonar av kognitiv psykologi.

 

Læringsutbyte

Biologisk psykologi (5 studiepoeng)

Kunnskapar

Ved fullført emne skal kandidaten kunne gjere greie for:

 

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

 

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal kandidaten:

Kognitiv psykologi (5 studiepoeng)

Kunnskapar

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal kandidaten:

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet krev studierett på bachelorprogrammet i kognitiv vitskap.

 

 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Samla undervisning utgjer 20 x 2 t undervisning, fordelt mellom 12 x 2 t forelesingar, og 8 x 2 t seminar. Seminara er spesielt tilpassa bachelorprogrammet i kognitiv vitskap, slik at studentane lærer om korleis biologisk og kognitiv psykologi er knytt til datamodellar og simulasjonar. Derfor blir seminar tilbudt separat for studentane i kognitiv vitskap. Det er ikkje ein føresetnad at alle moment i målsettingane skal verte dekt av forelesingar og seminar. Det ventast derfor at desse kompletterast med sjølvstudiar. For å lette studenten sitt arbeid med stoffet vert det tilbudd IKT-basert stønad på Internett.

Undervisninga er den same som for den biologiske og den kognitive delen av PSYK114.

 

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

4 timars skuleeksamen der ein skal svare på 2 av 4 essayoppgåver - 1 av 2 innanfor bolken biologisk psykologi, og 1 av 2 innanfor bolken kognitiv psykologi.

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

 

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.

 

Fagleg overlapp

PSYK120 + PSYK114 = 10 studiepoeng i reduksjon.

PSYK120 + PSYK101 = 10 studiepoeng i reduksjon.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Anbefalt litteratur vil vere satt saman av omlag 700 sider. Delar av eller all litteratur kan vere på engelsk. 

 

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

 

Kontaktinformasjon

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet