Studenten skal i samarbeid med andre studentar skrive ei oppgåve, der konkrete faglege problemstillingar skal svarast på ved hjelp av empiriske vitskapelege undersøkingar og/eller teori. Studenten skal gjennom bacheloroppgåva tileigne seg kunnskapar om forskingsprosessen gjennom å setje seg inn i relevant teori, utarbeide forskingsspørsmål, samle inn relevant empiri og produsere eit skriftleg arbeid ut frå vitskapelige standardar (APA-standard). Studenten skal skrive oppgåva saman med andre studentar, og skal i denne samanheng tileigne seg kunnskapar og oppøve evner med omsyn til forskingssamarbeid. Studetane skal også tileigne seg evner i samband med forskingsformidling gjennom munnleg presentasjon av sitt forskingsarbeid. Undervisninga er organisert i følgjande hovuddelar:
1) Å skrive ei Bacheloroppgåve - formelle rammer: Innføring i alle relevante sider ved det å skrive Bacheloroppgåva. Studentane vil få innsyn i:
2) Kvalitativ og kvantitativ metode
Studentane skal tileigna seg grunnleggjande kunnskapar om kvantitative og kvalitative forskingsmetodar.
3) Forskingsprosessen og oppgåveskrivinga
Kandidaten skal få adekvate kunnskapar om kva eit forskingsprosjekt er satt saman av og gjennomføre sin eigen Bacheloroppgåve.
Kunnskapar:
Ved fullført emne skal studenten kunne:
Ferdigheiter:
Ved fullført emne skal studenten kunne:
Generell kompetanse:
Ved fullført emne skal studenten kunne:
For å kunne ta emne PSYK201 Bacheloroppgåve må desse emna vere bestått:
PSYK106 Personalpsykologi
PSYK111 Innføring i psykologi og psykologiens historie
PSYK112 Sosial og personlegdomspsykologi
PSYK113 Innføring i metode
PSYK114 Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi
PSYK110 Arbeids- og organisasjonspsykologi
PSYK202 (tidlegare PSYK202B) Metode
Deltaking på undervisninga er obligatorisk.
Undervisninga vil vere satt saman av tre førelesingar á 3 timar. Dette følgjast opp av to "workshops" om konkretisering av eigne forskingsspørsmål og val av samarbeidspartnarane på oppgåva. I framhaldet vert det gitt undervisning satt saman av ei praktisk innføring i både survey- og intervjumetoden over to dagar kvar på 6 timar. Rettleiing vil finne stad i grupper på 2-4 studentar. Rettleiinga er regulert gjennom ein nærare spesifisert rettleiingsavtale. Undervisninga går over eitt semester.
Studentane må halde ein munnleg presentasjon (gruppepresentasjon) av den skriftlege oppgåva i plenum der presentasjonen vil vurderast som godkjent/ikkje godkjent.
Ei skriftleg bacheloroppgåve (gruppeoppgåve).
Alle kandidatar på ei gitt oppgåve får same sluttkarakter.