Emner: PSYK250 Bacheloroppgave i generell psykologi - Vår 2021




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva skal studentane utvikle ein vitskapeleg tenkje- og arbeidsmåte. Dei skal lære kva slags krav som vert stilt til eit større skriftleg produkt og kva som kan vere ein føremålstenleg arbeidsmåte. Gjennom innsamling og drøfting av releant empirisk og/eller teoretisk materiale skal studentane lære å venda lys mot ei problemstilling. Prosjektoppgåva skal leggje eit metodisk grunnlag for framtidig arbeid med ei masteroppgåve, og kan også tematisk danne opptakta til ei slik vidareføring innanfor det temaområdet som vert valt. Oppgåva kan vere reint teoretisk, eller den kan vere ei mindre empirisk undersøking.

Læringsutbyte

Kunnskap

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

 

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

 

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

Studenten må ha bestått følgjande emne før ein kan melde seg til PSYK250

Innføringsemne:

Spesialiseringsemne:

Studenten må ha bestått PSYK206 seinast same semester som ein tar PSYK250.

Krav til studierett

Emnet krev studierett på bachelorprogrammet i generell psykologi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet er bygd både på individuell rettleiing og rettleiing i grupper. Rettleiinga vil skje ved personleg kontakt og via internett.

 

Som hovudregel skal prosjektoppgåva skrivast i grupper på to eller tre studenter avhengig av tilgjengelige prosjekter og veilederstab i fagmiljøene ved institutta. På det obligatoriske orienteringsmøtet vil studentane bli presentert for moglege prosjekt, og det tilstrebast at desse blir fordelt på studentane i tråd med studentane sine prioriterte ønskjer. Dersom studentan(e) ikkje ønskjer å skrive i grupper innanfor dei tilbodne prosjekta, må studentan(e) sjølve ta ansvar for å finne eit prosjekt og ein rettleiar ved fakultetet.

 

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande aktiviteter er obligatorisk for PSYK250 Bacheloroppgåve i generell psykologi:

- Orienteringsmøte i starten av semesteret.

- Skriftleg veiledningskontrakt som skal inngås mellom student og ein vitskapleg tilsett ved Det psykologiske fakultet innan 30. januar. Veiledning på bacheloroppgåva er obligatorisk og tema for oppgåva skal godkjennast av emneansvarlig.

- Ein munnleg presentasjon av bacheloroppgåva og deltaking på heile presentasjonsdagen. Emneansvarleg for PSYK250 deltar på den munnlege presentasjonen av bacheloroppgåva og er ansvarleg for godkjenning av presentasjonen.

- Kurset i APA-standard.

Vurderingsformer

Bacheloroppgåve (max. 7000 ord eksklusive referansar, appendix, figur/tabell-tekst og tabellverk).

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

APA boka inngår i pensumlitteraturen. I tillegg inngår sjølvvalt litteratur på 800-1000 sider. Litteratur skal godkjennast av rettleiar.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet