Emner: PTEK241 Introduksjon til flerfasesystemer - Vår 2021
Studiepoeng
10.0Undervisningsspråk
Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål
Emnet gir ein innføring til fleirfasesystem i prosessindustrien. Det skal formidle forståing av grunnleggende matematiske modeller og hvordan de kan brukes for å løse praktiske problemer.
Innhald
Emnet omfattar: Impulstransport i og mellom kontinuerlege (fluid) og disperse (boblar, dråpar eller faste partiklar) faser, nytta på fleirfase strøymningsfenomen. Varme- og masseoverføring mellom kontinuerte og disperse faser, nytta til dømes på kontakttårn. Kjemisk reaksjon med samstundes transport av moment, varme og masse mellom fasane, nytta på fleirfasereaktorar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- forklare dei basale typane flerfasereaktorar i prosessindustrien
- kan rekne på enkle kjemiske flerfasereaktorar
- kan utvikle enkle matematiske modeller i flerfasestrømninger
Ferdigheiter
Studenten
- kan kvantifisere utvekslinga av bevegelsesmengde, varme og materiale i dei separate fasene og mellom fasene i fleirfasesystem
- kan rekne ut responstider og koplingsparameter for fleirfasesystem
- kan forklare problemstillingane kring formuleringa av bevegelsesmengde-, energi- og materialbalansar for fleirfasesystem.
Generell kompetanse
Studenten
- Kan indentifisere flerfasestrøminger i prosessindustrien og naturen
- Kan anvende grunnleggende matematiske modeller i prosessindustrien
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
PTEK202, PTEK203. MAT212 er også ein fordel.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetethttp://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga gis i form av førelesningar og kollokvier.
Førelesningar / 4 timar pr. veke
Kollokvier / 2 timar pr. veke
Obligatorisk undervisningsaktivitet
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:- Midtvegseksamen (2 timar) utgjør 25% av karakteren.
- Skriftleg eksamen (4 timar), utgjør 75% av karakteren.
- I semester kor undervisning ikkje vært gitt gjelder avsluttande eksamen 100%.
Vurderingsformer
I semester kor undervisning vært gitt kan midtvegseksamen gjelde inntil 25% av karakteren. I semester kor undervisning ikkje vært gitt gjelder avsluttande eksamen 100%. Tillatt hjelpemiddel på både midtvegseksamen og avsluttande eksamen er enkel kalkulator i samsvar med modell oppgitt i fakultets reglar.
Grunna korona: Våren 2021 er det følgande endringar i vurdering i emnet:
- Skriftleg digital skuleeksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen på campus
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillatt i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler.
Tillatte kalkulatormodeller inkluderer: Casio fx-82ES PLUS and Casio fx-82EX
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
Ingen
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her: mailto:studieveileder.ppt@ift.uib.nostudieveileder.ppt@ift.uib.no
Tlf: 55 58 28 64