Mål:
Emnet har som mål at studenten gjennom studiet skal tileigna seg eit oversyn over nokre av dei viktigaste religionane i Midtausten, Middelhavslanda og Norden i eldre tid. Studenten skal også tileigna seg ytterlegare kunnskap gjennom studiar av eit utval tekstar knytt til dei enkelte religionane.
Innhald:
Emnet gir ei innføring i Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, herunder egyptisk og mesopotamisk religion, gresk og romersk religion, og norrøn og samisk religion.
RELV105 er ein tilrådd del av spesialiseringa i religionsvitskap, men kan der faglege grunnar tilseier det, søkast om å skiftast ut med eit anna fagleg relevant 15 stp.-emne frå eit anna fag. Emnet kan inngå som ei sjølvstendig eining i ein bachelorgrad
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
Ferdigheiter:
Studenten
Generell kompetanse:
Studenten
1) Studentane skal til fastsett tid levere inn ei skriftleg oppgåve på Mitt UiB. Frist blir oppgitt på Mitt UiB. Oppgåva skal vere på om lag 1000 ord og studentane får to veker til å skrive oppgåva.
2) Deltaking i gruppeundervisning er obligatorisk og det blir kravd minst 50 % frammøte for å få gå opp til eksamen.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.
--
Gjelder vårsemesteret 2021:
1) Studentane skal til fastsett tid levere inn ei skriftleg oppgåve på Mitt UiB. Frist blir oppgitt på Mitt UiB. Oppgåva skal vere på om lag 1000 ord og studentane får to veker til å skrive oppgåva.
2) Deltaking i gruppeundervisning er obligatorisk og det blir kravd minst 50 % frammøte for å få gå opp til eksamen. På grunn av koronasituasjonen vil det ikkje vere obligatorisk frammøte våren 2021. Det er likevel sterk oppmoding om å delta på så mykje undervisning som mogleg.
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Gjelder gjentakseksamen hausten 2021:
NB. Hausten 2021 er gjentakseksamen (normalt munnleg eksamen) erstatta av 6 timar skriftleg eksamen heimefrå som tiltak for å hindre spreiing av koronavirus. Studentane får 1 time teknisk tilleggstid, slik at dei har 7 timar på å utforma svaret.
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Denne karakterskalaen gjeld også våren 2020.
Vår.
Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Pensum vert utarbeidd av instituttet og omfattar om lag 1000 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.
Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Studierettleiar:
Eksamensadministrasjon: