Emnet har som mål å lære studenten å arbeide med eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i spesialdisiplinen til studenten (russisk språk, litteratur og/eller kultur og samfunn).
I oppgåva skal studenten dokumentere evne til sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeid og meistre den framstillings- og dokumentasjonsteknikken som høver for emnet.
Oppgåva vert normalt skrive på norsk eller russisk, med eit samandrag på engelsk.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Masteroppgåva blir til vanleg skriven i løpet av det tredje og fjerde studiesemesteret, men studentane blir oppmoda til å delta på masterseminar frå første semester av, og til å leggje fram eit tema for masteroppgåva, diskutere dette med faglærarane og skrive under ein rettleiingskontrakt så tidleg som mogleg i andre semester. Det er også ønskjeleg at studentane utarbeider ei prosjektskisse i andre semester.
Prosjektskisser og utkast til delar av masteroppgåva blir lagde fram på oppgåveseminar (work-in-progress-seminar), der studentane mellom anna vil få rettleiing i formelle og metodiske aspekt ved oppgåveskrivinga. Studentane skal på ein aktiv måte ta del i oppgåveseminaret, både ved å presentere eigne bidrag og ved å ta del i diskusjonar om det andre legg fram. Det er spesielt viktig at studentane tek del i dette seminaret dei to semestra dei arbeider med oppgåva.
Studenten får rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt som gjer nærare greie for rettar og plikter, skal skrivast under av student, rettleiar og instituttleiar. Studentane blir oppmoda til å finne eit tema for masteroppgåva, i samråd med faglærarane, så tidleg som mogleg i andre semester.
Studentane får òg tilbod om munnleg undervisning med språkpedagogane under heile studieløpet.
1) To innlegg på oppgåveseminaret
2) Rettleiing
Eksamen er todelt: 1) innlevering av masteroppgåve og 2) justerande munnleg eksamen. Den munnlege eksamen blir halden etter sensur av oppgåva. Under munnleg eksamen skal studentane presentere oppgåva på 10-15 minuttar. Presentasjonen blir følgt av spørsmål og diskusjon. Munnleg eksamen skal gå føre seg på russisk (for kandidatar med russisk som førstespråk går eksaminasjonen føre seg på norsk). Den munnlege prøva er justerande (ein karakter opp eller ned).Den munnlege prøva kan hausten 2021 bli digital.
Innleveringsfrist for masteroppgåva er 1. februar og 15. mai i vårsemesteret, og 1. september og 20. november i haustsemesteret.
Masteroppgåva skal vere på mellom 70 og 110 sider.