Studentane skal tileigne seg ei grunnleggjande forståing av føresetnadane for og stadia i stats- og nasjonsbygging i Norden, Europa elles og andre delar av verda. Vidare skal emnet gje ei integrert innføring av denne utviklinga som eit forhold mellom institusjonar og aktørar i tid og rom.
Emnet gjev ei teoretisk innføring i dei historiske og strukturelle vilkåra for stats- og nasjonsbygging. Det gir ei empirisk skildring av nordiske og europeiske politiske system og deira utvikling og struktur, og samanliknar denne utviklinga med døme frå andre delar av verda. Gjennom dette gjev emnet ei brei teoretisk og empirisk innføring i samanliknande politikk som vektlegg samspelet, utviklinga og variasjonane i stat- og nasjonsbygging på tvers av regionar. Det vert gjeve ein oversikt over fasane i statsbygging og nasjonsdanning, utforming av dei viktigaste elementa i politiske system og konfliktlinjer som ligg til grunn for partisystem. Emnet legg vekt på variasjonar mellom land og korleis likskap og ulikskap kan blir forklart.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten kan
Ferdigheiter
Studenten kan
Generell kompetanse
Studenten kan
Form: Førelesingar og seminar
Timer per veke: rundt 6
Mengd veker: rundt 14
Deltaking på seminar (minimum 75 %) og ei emneoppgåve (2000-3000 ord).
Begge undervisningsaktivitetane må være godkjende før ein kan gå opp til eksamen.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav har inga tidsavgrensing.
Oppdatert: Pga. koronasituasjonen vil kravet om oppmøte til seminara ikkje være obligatorisk vårsemesteret 2021. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad.
Seks timar skriftleg skuleeksamen.
Oppdatering våren 2021: Vurderingsform endra frå skuleeksamen til 10 timars heimeeksamen 2021 som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.