Emnet skal gi ei teoretisk og empirisk forståing av det norske politiske system. Systemet si oppbygging og tilhøyrande institusjonar og samanhengen mellom desse er i fokus. Det blir lagt vekt på formelle politiske institusjonar, aktørar og relevant politisk åtferd. Viktige institusjonar som ein vil kome inn på er Stortinget, regjeringa, forvaltninga og domstolar men også val- og partisystem. Sametinget og kommunar/fylkeskommunar vil også vere tema. Politisk åtferd vil i hovudsak bli knyta til veljarane si åtferd. Handlingar i og av politiske institusjonar vil dessutan vere viktig, for eksempel storting, regjering, forvaltning og parti.
Emnet vil ta utgangspunkt i Stein Rokkans stats- og nasjonsbyggingsteori. Hans arbeider om strukturer og konfliktlinjer i det norske samfunnet vil vere sentralt. Emnet vil også introdusere teoretiske arbeider som utfordrar det strukturelle perspektivet Rokkan arbeidet med for å forklare og forstå handling og aksjon i systemet i dag. Emnet sin empiriske del (del 2) vil vere organisert ut i frå den horisontale og vertikale maktdeling i systemet. Den demokratiske styringskjeda vil stå sentralt.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten kan
Ferdigheiter
Studenten kan
Generell kompetanse
Studenten kan