Emner: SOS201 Sosiologisk forskning: Teori og metode - Vår 2021




Studiepoeng

15.0

Undervisningsspråk

Norsk

 

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Dette emnet tek for seg korleis ulike tradisjonar i sosiologifaget har ulike tilnærmingar til tilhøvet mellom teori og empirisk forsking. Emnet vil såleis ta for seg noko av det mangfaldet som finst av sosiologisk teori, kva slags forskingsstrategiar som blir brukt i faget og korleis ein kan utvikla omgrep og forklaringar ut frå empiriske observasjonar. Kurset vil legge vekt på å få fram at det finst ulike tradisjonar for sosiologiske analysar. Ein vil til dømes vise korleis nokre tradisjonar er opptatt av å ta i bruk sensitiverande omgrep når ein gjennomfører empiriske analyser, mens andre tradisjonar tar utgangspunkt i eit hypotetisk deduktivt rammeverk, der ambisjonane er å etterprøve eller forkaste hypotesar. Kva slag tradisjonar og tema som vert tekne opp vil kunne variere frå semester til semester. Emnet vil bidra til at studentane vidareutviklar sine evner til kritisk og sjølvstendig lesing av sosiologisk forsking og analysar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan gjera greie for

Ferdigheiter

Studenten kan

Generell kompetanse

Studenten har

Tilrådde forkunnskapar

SOS101 og SOS103

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga vil vera i form av førelesningar og seminar. I seminara får studentane trening i kritisk lesing av artiklar og munnleg drøfting av faglege problemstillingar.

20-24 timar førelesningar

Ca. 20 timar seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei oppgåve på 3000 ord der ein skal vurdere måten ein vitskapleg artikkel handsamar teori, empiri og forholdet mellom desse på, og i kva grad/korleis den bidrar til utvikling av teori. Ein skal også gi skriftlege kommentarar til to medstudentar sine oppgåver.

Godkjent obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret og dei to etterfølgande eksamenssemestera.

Vurderingsformer

4 dagars heimeeksamen der det skal skrivast ei oppgåve på 2500 ord (+/- 10%)

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-p%C3%A5-eksamenrett til ny vurdering.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no