Emner: SPED250 Bacheloroppgave i spesialpedagogikk - Høst 2021

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust (kun hausten 2018, for kull 2016)

Vår (første gang våren 2020, for kull 2017)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva skal studentane utvikle ein vitskapleg tenkje- og arbeidsmåte. Dei skal lære kva slags krav som vert stilt til eit vitskapleg, skrifteleg arbeid og kva som kan vere ein føremålstenlege arbeidsmåtar. Det vert lagt vekt på at studentane skal lære å samarbeide. Av den grunn skal bacheloroppgåva som hovudregel gjennomførast i grupper på to eller tre studentar.

Gjennom innsamling og drøfting av relevant empirisk og/eller teoretisk materiale skal studentane lære å utvikle og arbeide med ei problemstilling med relevans for det spesialpedagogiske fagområdet. Oppgåva kan vere reint teoretisk, eller den kan vere ei mindre empirisk undersøking.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse: 

Kunnskapar

Studenten ..

Ferdigheiter

Studenten ..

Generell kompetanse

Studenten ..

Krav til forkunnskapar

SPED100, SPED102, PED112, PSYK114, PSYK207, PSYK202, SPED211, eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

SPED100, PSYK114, PED112, SPED101, SPED102, og SPED211, eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

ingen

Krav til studierett

Opptak på bachelor i spesialpedagogikk

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet er bygd både på individuell rettleiing og /eller rettleiing i grupper. Rettleiinga vil skje ved personleg kontakt.

Som hovudregel skal bacheloroppgåva skrivast i grupper på to eller tre studentar avhengig av tilgjengelige prosjekter og rettleiarstab i fagmiljøa ved fakultetet. På det obligatoriske orienteringsmøtet vil studentane bli presentert for moglege prosjekt, og ein vil arbeide for at desse blir fordelt på studentane i tråd med studentane sine prioriterte ønskjer. Dersom studentane ikkje ønskjer å skrive innanfor dei tilbode prosjekta, må dei sjølve ta ansvar for å finne eit prosjekt og ein rettleiar ved fakultetet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på orienteringsmøte i starten av semesteret.

Skriftleg rettleiarkontrakt skal inngåast mellom student og ein vitskapleg tilsett ved Det psykologiske fakultet innan 30. januar (vårsemesteret) eller 15. september (haustsemesteret). Rettleiing på bacheloroppgåva er obligatorisk og tema for oppgåva skal godkjennast av emneansvarlig.

Kurset i APA-standarden.

Ein munnleg presentasjon av bacheloroppgåva og deltaking på begge presentasjonsdagane. Emneansvarleg for SPED250 deltar på den munnlege presentasjonen av bacheloroppgåva og er ansvarleg for godkjenning av presentasjonen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 7 000 ord, +/- 10 %, referansar og appendiks kjem i tillegg.

Hjelpemiddel til eksamen

ingen

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust (kun hausten 2018, for kull 2016)

Vår (første gang våren 2020, for kull 2017)

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet