Emner: SPLA107 Spansk grammatikk I - Høst 2021




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningsspråk

 Spansk

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

 Bergen.

Dette emnet finst òg som nettstudium (SPLA627)  

Mål og innhald

Emnet gjev ei grundig innføring i moderne spansk grammatikk med vekt på spanskamerikanske variantar av språket.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:  

Kunnskap:

Studenten

Ferdigheiter:

Studenten

Generell kompetanse:

Studenten

Krav til forkunnskapar

 Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på spansk og føreset gode spanskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar på språknivå 2 frå vidaregåande skule. Det er ein føremon å ha gjennomført EXFAC00SK Språk og Kommunikasjon.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoengutteljinga for SPLA107 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med SPLA101, SLAN611 eller SPLA627.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga går over ein 8-10 vekers periode, med eitt eller to seminar for veka, ettersom ressursane tillet det. Det vert undervist i sentrale delar av grammatikkpensum. Det vert gjort bruk av studentaktive læringsformer med stor vekt på eigenaktivitet. Det er venta at studentane førebur seg grundig til timane og gjennomfører etterarbeid og oppgåveløysing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er to obligatoriske oppgåver om utvalde tema frå pensum. Desse må skrivast på spansk og utførast innan fristen for aktivitetane. Kvar oppgåve vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

I samsvar med UiB sitt grads- og studiereglement har studentane høve til å få eit nytt forsøk per oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjende ved fyrste innlevering. Oppgåva må vera godkjend før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er ein skriftleg eksamen heime på spansk på 6 timar + 1 time med teknisk tillegstid. Både språk og innhald vert vurdert, og er grunnlag for fastsetjing av karakter i emnet. 

Hjelpemiddel til eksamen

Ved skriftleg eksamen heime er alle hjelpemiddel tillatne. Samarbeid mellom studentane  er ikkje tillate under eksamen. Svar på eksamen vil bli sjekka for plagiat.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum er i hovedsak ein referansegrammatikk. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no