Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
Ferdigheiter:
Studenten
Grunnkompetanse:
Studenten
Vurderingsforma i emnet er todelt, og består av ei skriftleg, ikkje-rettleidd oppgåve med karakter som skal telja 40 % av den endelege karakteren og ein skoleeksamen som skal telja 60 % av den endelege karakteren.
Våren 2021 er den skriftlege skoleeksamenen på fire timar endra til ein seks timars skriftleg eksamen heimefrå + éin time med teknisk tilleggstid, som tiltak mot spreiing av koronavirus. Ved skriftleg eksamen heime er alle hjelpemiddel tillatne.
Fristen for innlevering av den skriftlege oppgåva vert kunngjort tidleg i semesteret. Studentane kan velja mellom eit utval tema gitt av faglærar, og omfanget er på om lag 1250 ord.
Stryk i ein av desse deleksamenane fører til stryk i SPLA207. Båe eksamensdelane må vera greidde i same semester.
Pensum er i hovudsak ein referansegrammatikk.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.