Mål: Emnet gjev innsyn i ulike typar forskingsstrategiar og prosjektdesign som er aktuelle i samband med utforminga av masteroppgåver i latinamerikastudium. Det skal dessutan gje studentane grunnlag for å definere eit masterprosjekt på strukturert vitskapeleg vis, ved å gje innføring i å skrive ei prosjektskisse, drøfte kva som kan vere aktuelle emne for oppgåva og gjere greie for aktuelle rettleiingsressursar på faget.
Innhald: Emnet inneheld ulike typar kjeldemateriale og eit utval sentrale teoretiske tekstar.
Det vil også innehalde eit kurs på biblioteket med innføring i ulike metodar for effektiv søking og bruk av digitale verktøy for å innhente oversyn over fagfeltet og informasjon om ressursar for fagleg oppdatering.
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, kompetanse og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten har
Kompetanse
Studenten har
Generell kompetanse
Studenten har
Innanfor undervisningsperioden skal studentane halde ein munnleg presentasjon som er ei kritisk lesing/gjennomgang av ei nyare masteroppgåve. Faglærar er ansvarleg for val av aktuelle oppgåver.
Pga. koronasituasjonen fell kravet om minimum 70 % oppmøte i undervisninga bort våren 2021. Studentane vert oppmoda til å møte til undervisninga. Kurset på biblioteket er obligatorisk.
Som integrert del av emnet, må studentane levere inn ein søknad som fortel fagkoordinator kva for disiplinar dei ønskjer å studere i arbeidet med masteroppgåva. I søknaden skal studenten sjølv rangere to disiplinar. Val av disiplin vil setje ei overordna ramme for masteroppgåva og samstundes rå over fordelinga av rettleiarar. 31. januar er endeleg frist for å sende inn søknad til fagkoordinator. Konkret informasjon om prosessen blir gitt ved semesterstart.
Arbeidskrava må vera godkjende av faglærar før studentane kan gå opp til endeleg eksamen. Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Ca. 400 sider henta frå læreverk og artiklar som omhandlar metode og teori innan formidling av forsking.
Studentane skal som hovudregel leggje opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Alternative pensum kan godkjennast etter grunngjeven søknad til fagmiljøet.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.