Emner: TEAT211 Teaterestetikk og teaterteori - Høst 2021
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor.
Undervisningsspråk
Norsk.
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen.
Mål og innhald
Formålet med emnet er å utvikle studentane sine teoretisk-kritiske refleksjonsevne i høve til teater og anna scenekunst i samtid og nær fortid. Emnet gir ei grunnleggande innføring i teaterestetikk og teaterteoriar frå slutten av 1700-tallet til i dag. Sentrale teaterestetiske teoriar frå det 19. hundreåret vert gjennomgått, men hovudfokus vil vere på teoriar frå det 20. og 21. hundreåret I tillegg vil emnet også omfatte ei grunnleggande innføring i teatervitskapelig hermeneutikk og kritisk teori.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten
- gode kunnskapar om moderne teaterestetiske teoriar
- grunnleggjande forståing for sambandet mellom teori og praksis innan teater
- grunnleggjande kunnskapar om teatervitskapelig hermeneutikk.
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
- gi ei skriftleg utgreiing om ei teaterteoretisk problemstilling
- vurdere og drøfte likskapar og skilnader mellom ulike teaterestetiske teoriar
- drøfte relevansen av ein estetisk teori i høve til ein bestemt teaterpraksis.
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
- vurdere ei teaterframsyning eller ei teaterpraksis i lys av estetiske teoriar
- drøfte teaterestiske spørsmål i samband med samfunnstilhøve.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådd startgrunnlag er fullført 100-nivå i teatervitskap.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av forelesningar og seminar med studentinnlegg.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må møte på minst 75% av undervisninga.
Grunna koronasituasjonen vil kravet om oppmøte til undervisninga ikkje bli handheva våren 2021. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad.
Vurderingsformer
7 dagars heimeeksamen med ein justerande munnleg eksamen.
Oppgåva skal vere på om lag 4 000 ord.
Hausten 2021 blir munnleg eksamen gjennomført på campus som normalt.
Studentar som er i ei risikogruppe, eller av andre koronarelaterte grunnar ikkje kan møte på campus, kan kontakte instituttet på studierettleiar.lle@uib.no.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Karakterskala frå A - F.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i hasutsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no