Emner: TEAT253 Praksisbasert bacheloroppgave - Høst 2021




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår/Haust

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet er eit praksisbasert sjølvstudium i eit sjølvvalt tema. Emnet består av to delar: ein praksisdel og ei skriftleg oppgåve.

Formålet med emnet er å auke forståinga for tilhøvet mellom teaterpraksis og teori gjennom å hente inn kunnskapar om korleis teaterproduksjon går føre seg i praksis, samt å øve opp evna til vitskapleg handsaming av empiri og erfaring frå teaterpraksis.

Etter gjennomført praksis skal studenten skrive ei oppgåve som skal vere ei analytisk eller teoretisk handsaming av materialet og erfaringar frå praksis.

Praksisdelen skal bestå av inntil 4 normalarbeidsveker (ca. 150 timer) fordelt på ein eller fleire praksisperiodar hos produserande profesjonelle scenekunstinstitusjonar eller frie profesjonelle grupper, produserande/turnearrangerande offentleg forvaltning eller andre teaterinstitusjonar godkjent av fagmiljøet.

Praksis skal ligge nær kunstnariske produksjonsprosessar, og kan ha form av observasjon av til dømes prøver eller personassistanse av kunstnariske funksjonar som regissør, dramaturg, scenograf eller administrative funksjonar som produsent.

Det er forventa at studenten sjølv er aktiv i å skaffe seg praksisplass. Emneansvarleg kan hjelpe med å etablere kontakt med mogleg praksisplass, men studenten kan ikkje krevje å verte tildelt praksisplass.

Innhaldet i praksisperioden vert definert i ein kontrakt som skal signerast av studenten, emneansvarleg og praksisplassen v/kontaktperson.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten:

 

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

 

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:

Krav til forkunnskapar

Studenten skal ha bestått eksamen i emna http://www.uib.no/emne/TEAT112TEAT112 Moderne teaterhistorie og enten http://www.uib.no/emne/TEAT113TEAT113 Dramaturgi i teori og praksis eller https://www.uib.no/emne/TEAT115TEAT115 Framsyningsanalyse og teaterkritikk.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av introduksjons- og metodekurs (felles med https://www.uib.no/emne/TEAT252TEAT252 ), oppgåveseminar og individuell rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten har fem obligatoriske aktivitetar:

 

1) Delta på introduksjons- og metodekurs (felles med https://www.uib.no/emne/TEAT252TEAT252 )

2) Legge fram utkast til oppgåva på oppgåveseminar (felles med https://www.uib.no/emne/TEAT252TEAT 252 )

3) Levere utkast til oppgåva til rettleiar og få minst éi individuell rettleiing.

4) Underskrive praksiskontrakt med praksisplass og emneansvarleg

5) Godkjent praksisdel. Praksisdelen blir vurdert som godkjent når kontraktsvilkåra for praksis er oppfylde.

 

 

Vurderingsformer

Rettleidd semesteroppgåve på om lag 15-20 sider (maksimum 7000 ord).

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Vår/haust.

Litteraturliste

 

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no