Emner: TVP102 Det visuelle språket - Vår 2021
Studiepoeng
30.0Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Media City Bergen
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi studenten teoretiske perspektiv på, og praktiske øvingar med, dei levande bileta og lyden sine ekspressive eigenskapar. Emnet har tre modular.
Modul 1 er teoretisk, og gir ei innføring i korleis filmskaparar på byrjinga av 1900-talet utvikla filmspråklege konvensjonar som orienterte publikum i tid og rom, og som danna grunnlaget for den klassiske Hollywoodfilmen, som representerer den vanlegaste måten å setje saman audiovisuelle forteljingar på. I den historisk retta delen av emnet lærer studenten også om alternative filmtradisjonar, samt om estetikken i ulike typar tv-fiksjon. I tillegg skal studenten gjennom førelesingar og seminar få kunnskap om handverksmessige prinsipp og audiovisuelle verkemiddel.
Dei to andre modulane er praktisk retta:
Modul 2: består av tre øvingsoppgåver med tilhøyrande teknisk opplæring.
Modul 3: består av ein produksjon der studentane skal anvenda kunnskapen og ferdigheitene dei har tileigna seg i modul 2 i praksis.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap:
Studenten
- har kunnskap om framveksten og utviklinga av filmspråklege konvensjonar
- har brei kunnskap om alternative filmtradisjonar, og kan setje dei inn i relevante faglege og historiske samanhengar
- kan gjere greie for dei stilistiske konvensjonane som kjenneteiknar ulike typar tv-fiksjon (situasjonskomedie, dramaseriar, skilnaden på einkamera- og fleirkameraproduksjonar)
Ferdigheiter:
Studenten
- har historisk og teoretisk kunnskap om ulike handverksmessige oppgåver og audiovisuelle verkemiddel, samt deira ekspressive potensial og formidlingsmessige funksjonar i film- og tv-produksjon
- skal gjennom praktiske øvingar og tilbakemeldingar frå fagleg stab kunne innlemme og utnytte dei akademiske perspektiva på mise-en-scene, kamerarørsler, kameravinklar, bildeutsnitt, dybdeskarpheit, aksebrot, produksjonsdesign, lyddesign, klipping og lyssetjing (i studio og utandørs) i eigen praksis
Generell kompetanse:
Studenten
- har innsikt i relevante teoretiske og praktiske problemstillingar innan fagområda dei levande bileta og lydens ekspressive eigenskapar
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein teoretisk og praktisk bakgrunn innanfor desse fagområda, og såleis bidra til å utvikle god praksis
Krav til forkunnskapar
TVP101
Tilrådde forkunnskapar
MEPRO100
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar, teknisk trening og workshops.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på teknisk opplæring i samband med øvingsoppgåver.
Tre praktiske øvingsoppgåver:
- Lydoppgåve: lage lyddesign til eksisterande scene frå film eller tv-serie (gruppevis)
- Klippoppgåve: setje saman to ulike scener frå eksisterande råmateriale (gruppevis)
- Foto/lys-oppgåve: filme/lyssetje to scener frå to ulike sjangrar (gruppevis)
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjende obligatoriske krav har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Eksamen består av to delar:
- Ein praktisk deleksamen: Ein gruppeproduksjon der studentane skal omsetja kunnskap og ferdigheiter innan lyd, klipp og foto/lys i praksis.
- Ein teoretisk/analytisk deleksamen: Analyse av filmspråkleg verkemiddel i fritt vald film eller tv-serie. Analysen kan leverast anten som skriftleg oppgåve (4500 ord, pluss/minus 10%) eller som videoessay (10-15 minutt, med voiceover).
Det vert nytta bokstavkarakterar (A-F) i vurderinga av både produksjonen og det skriftelege arbeidet, som tel høvesvis 60% og 40% ved utrekning av samla karakter.
Karakterskala
Karakter A-F
Vurderingssemester
Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Ved sjukdom under heimeeksamen eller ved oppgåveinnlevering, har ein ikkje rett til ny eksamen påfølgande semester. Instituttet kan likevel innvilge utsetting av innleveringsfrist. Normalt blir det gitt utsetting på 1-3 dagar. Ved sjukdom eller andre særskilde forhold må du ta kontakt med studiekonsulent (studiekonsulent.praktiskinfomedia@uib.no) før innleveringsfristen. Ved innleveringsutsetting må legeattest/dokumentasjon visast.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.
Kontaktinformasjon
studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no
Institutt
Institutt for informasjons- og medievitskap