Emner: TVP250 Bacheloroppgave i TV-produksjon - Vår 2021




Studiepoeng

30.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

 

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane ytterlegare fordjuping i fagfunksjonen deira ved at dei blir delte inn i kvar si gruppe som skal spele inn kvar sitt manus til ein webserie i fire delar, skrive av masterstudentar på programmet i manusutvikling for seriar. Målet er å gje studentane praktisk-analytisk spisskompetanse innanfor ei fagspesialisering, først gjennom tilrettelagte workshops og deretter gjennom arbeidet med produksjonen. Emnet legg òg vekt på å fremje kunnskap og kompetanse om samarbeidsrelasjonar. Masterstudentane som har skrive manusa som skal realiserast er òg involverte, særleg innleiingsvis, og har diskusjonar med produsenten, som skal vere med å forme prosjektet kreativt og logistisk, og med regissør/fotograf, som skal utforme det stilistiske uttrykket.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

TVP101, TVP102, TVP103, TVP104, TVP201

Tilrådde forkunnskapar

MEPRO100

Studiepoengsreduksjon

TVP250 gir ein reduksjon på 15 studiepoeng i kombinasjon med MEVI250

Krav til studierett

Reservert for studentar ved bachelorprogrammet i tv-produksjon

Arbeids- og undervisningsformer

Workshop/seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Deleksamenar:

Eksamen består av to arbeid: ein praktisk gruppeproduksjon (webserie i fire episodar à 7-8 minutt) og ein individuell produksjonsrapport som reflekterer over rolla til eigen fagfunksjon og kreative val i arbeidet med webserien

Kvar student får individuell karakter på det praktiske arbeidet innan eigen fagfunksjon og på produksjonsrapporten. Det praktiske arbeidet tel 60%, medan produksjonsrapporten tel 40%

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontaktinformasjon

studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap