Emner: TYS106 Tyskspråklig kultur og historie - Høst 2021
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Ikkje relevant
Undervisningsspråk
Tysk
Undervisningssemester
Vår
Emnet går første gong våren 2019
Undervisningsstad
Bergen og Kiel. Opphaldet i Kiel er frivillig, varer i tre veker og blir finansiert ved eigenbetaling. Det vil i denne perioden bli gitt eit undervisningstilbod i Bergen til studentane som vel å ikkje reise. Dette emnet finst òg som nettstudium (TYS626)
Mål og innhald
Emnet tematiserer ulike aspekt ved tyskspråkleg kultur og historie frå opplysningstida (1760) fram til i dag med utgangspunkt i ulike tekstar og kulturelle uttrykksformer, blant dei skjønnlitterære tekstar, ulike typar sakprosa, film, musikk og biletkunst.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten:
- skal tileigne seg grunnleggjande kunnskapar om bakgrunnen for det moderne tyske samfunnet og den kulturelle utviklinga i Tyskland.
- har kunnskap om den tyske nasjonsbyggingsprosessen og statsdanninga og særtrekk ved ulike kulturhistoriske periodar
Ferdigheiter: Studenten:
- skal forstå kulturhistoriske fagtekstar og ulike estetiske uttrykk og kunne arbeide sjølvstendig med desse
- skal kunne arbeide sjølvstendig med ulike media for å tileigne seg forståing av den kulturelle utviklinga i Tyskland
Generell kompetanse: Studenten:
- har grunnleggjande kunnskap om utvalde tema innan tyskspråkleg kultur i perioden frå opplysningstida (1760) fram til i dag
- har eit reflektert forhold til stoffet
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Det blir tilrådd at studentane har kunnskapar og dugleik i tysk som svarer til nivå II frå vidaregåande skule eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS106 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS112, TYS112-F, TYS622 eller med TYS626, og med 5 studiepoeng om det vert kombinert med TYSK621.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningstilbodet omfattar forelesingar og gruppeundervising. Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad. Undervisninga i delar av TYS106 kan takast ved Universitetet i Kiel. - 2 dobbeltimar i Bergen + bibliotekskurs. Opp til halvparten av dobbeltimane kan erstattast av digitale førebuingspakkar med video, skriftleg materiale, oppgåver og lignande.
- 12 veker. Tre av desse vekene kan takast ved studiesenteret i Kiel.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er oppmøteplikt til 75 % av forelesingane i Bergen.
I løpet av semesteret skal det skrivast ei øvingsoppgåve (ca. 500-700 ord) og haldast ein kort munnleg presentasjon.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Vurdering skjer på grunnlag av ein sju dagars heimeeksamen.
Omfanget på heimeeksamenen skal vere opp til 2000 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste. Studentane vil mellom anna få breiddespørsmål frå pensum på heimeeksamen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum omfattar ulike tekstar og kulturelle uttrykksformer, blant dei skjønnlitterære tekstar, ulike typar sakprosa, film, musikk og biletkunst. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for tysk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no
Institutt