Emner: TYS106 Tyskspråklig kultur og historie - Vår 2021




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningsspråk

 Tysk

Undervisningssemester

 Vår

Emnet går første gong våren 2019

Undervisningsstad

Bergen og Kiel. Opphaldet i Kiel er frivillig, varer i tre veker og blir finansiert ved eigenbetaling. Det vil i denne perioden bli gitt eit undervisningstilbod i Bergen til studentane som vel å ikkje reise. Dette emnet finst òg som nettstudium (TYS626)  

Mål og innhald

 Emnet tematiserer ulike aspekt ved tyskspråkleg kultur og historie frå opplysningstida (1760) fram til i dag med utgangspunkt i ulike tekstar og kulturelle uttrykksformer, blant dei skjønnlitterære tekstar, ulike typar sakprosa, film, musikk og biletkunst.

Læringsutbyte

 Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten:

Ferdigheiter: Studenten:

Generell kompetanse: Studenten:

Krav til forkunnskapar

 Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

 Det blir tilrådd at studentane har kunnskapar og dugleik i tysk som svarer til nivå II frå vidaregåande skule eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for TYS106 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS112, TYS112-F, TYS622 eller med TYS626, og med 5 studiepoeng om det vert kombinert med TYSK621.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningstilbodet omfattar forelesingar og gruppeundervising. Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad. Undervisninga i delar av TYS106 kan takast ved Universitetet i Kiel. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er oppmøteplikt til 75 % av forelesingane i Bergen.

I løpet av semesteret skal det skrivast ei øvingsoppgåve (ca. 500-700 ord) og haldast ein kort munnleg presentasjon.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Pga. koronasituasjonen vil kravet om oppmøte til undervisinga ikkje bli handheva våren 2021. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervininga i størst mogleg grad

Vurderingsformer

 Vurdering skjer på grunnlag av ein sju dagars heimeeksamen.

Omfanget på heimeeksamenen skal vere ca. 1500 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste. Studentane vil mellom anna få breiddespørsmål frå pensum på heimeeksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

 Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

 Pensum omfattar ulike tekstar og kulturelle uttrykksformer, blant dei skjønnlitterære tekstar, ulike typar sakprosa, film, musikk og biletkunst. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

 Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for tysk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no

Institutt