Emner: UJO304 Prosjektdesign - Høst 2021




Studiepoeng, omfang

30

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet gir studentane teoretisk og praktisk kunnskap i design, utvikling og gjennomføring av masterprosjektet som eit individuelt opplegg eller som eit samarbeidsprosjekt med andre studentar i dei produksjonsorienterte masterprogramma eller med journalistar i ei mediebedrift. Emnet fokuserer på prosjektorganisering individuelt og i team, og inkluderer også refleksjonar om nyskapande potensial i prosjektet.

Modul 1 er ein intensiv introduksjonsworkshop. Her lærer studentane om krav til prosjektdesign og skriving av prosjektplan. Dei vil også diskutere opningar for samarbeid og utfordringar med prosjektorganisering. Dette førebur studentane på kva som trengst for å utvikle eit solid masterprosjekt med ein produksjonsdel og ein teoretisk del.

Modul 2 fokuserer på det faktiske designet og utviklinga av masterprosjektet. Her vil studentane også bli trena i å kommentere og gi tilbakemeldingar på kvarandre sine prosjektutkast. Studentane arbeider med prosjektutviklinga individuelt eller i team. Dei gjer også førebuande feltarbeid eller andre undersøkingar. Val av plattform(er) og ulike former for presentasjon av den ferdige produksjonen blir løfta fram og diskutert. Innanfor denne modulen kan det bli lagt opp til samarbeidsseminar med studentar frå dei to andre praktiske masterprogramma ved MCB. Modul 2 tilbyr også metodiske workshops, vidareutvikla frå UJO301, og basert på dei aktuelle studentprosjekta sine innretningar.

Modul 3 handlar om entreprenørskap og innovasjon. Her vil journalistar som har lukkast med entreprenørskaps-idéar, spesielt innafor undersøkande journalistikk, møtast og drøfte journalistisk grunderverksemd saman med forskarar på innovasjon og entreprenørskap. Dette opnar for nye refleksjonar rundt det potensielt nyskapande i studentane sine masterprosjekt med tanke på seinare opningar for eigne føretak.

Modul 4 fokuserer på korleis den enkelte kan knyta samband mellom både tidlegare og pågåande undersøkande prosjekt og eige design. Det kan mellom anna skje gjennom arbeid opp mot og deltaking på den årlege SKUP-konferansen. Det blir arbeidd med utvikling av relevante nettverk for den enkelte studenten. Modulen vil også arbeida med praktiske og nyttige råd i researchfasen av prosjektet, som til dømes korleis gå fram når ein skal oppsøke kjelder i større prosjekt, korleis systematisere, strukturere og foredle store mengder informasjon og liknande tematikkar.

Modul 5 knyter samband mellom prosjektet som er under utvikling og det endelege produktet. Studentane blir introdusert for og utfordra på ulike tenkemåtar rundt planlegging av eit ferdig format: korleis kan ein fortelje historia? Korleis skal historia byggast opp? Kva for format er mest tenleg?

I Modul 6 legg den enkelte studenten opp eit mindre prosjektarbeid knytt til innhaldet i eige graveprosjekt. Studenten skal skriva eit arbeidsdokument, under rettleiing, der det blir dukka ned i eit sjølvvalt tematisk område som vil styrka studenten framfor inngangen til det faktiske graveprosjektet. Studentane skal henta inn kunnskap i relevante fagmiljø til arbeidsdokumentet. Studentane skal utføra minst eitt ekspertintervju, og dessutan samla ein første oversikt over faglitteratur som kan bli relevant til masterprosjektets teoretiske del.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

 

Dugleik:

Studenten

 

Generell kompetanse:

Studenten

Krav til forkunnskapar

UJO301

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

UJO302 (15 sp)

Krav til studierett

Masterprogram i undersøkande journalistikk

Arbeids- og undervisningsformer

Workshops, seminar og rettleiing

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Utvikling av prosjektplan (tre innleveringar):

Gi tilbakemeldingar på medstudentane sine prosjekt:

Eit godkjent arbeidsdokument med fordjuping i tema knytt til eige graveprosjekt (Modul 6).

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Prosjektplan for produksjonsdel (3000-4000 ord)

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

-

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontaktinformasjon

studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no