Emnet består av eit utval av sentrale litteraturteoretiske tekstar frå omkring 1915 og fram til i dag.
Undervisninga søkjer å få fram dei viktigaste historiske linene og systematiske skiljelinene i den moderne litteraturteorien.
ALLV114 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap.
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten
- gode kunnskapar i den nyare litteraturteorien frå omkring 1915 til i dag.
- god kjennskap til teoretiske problemfelt i den nyare litteraturen
Ferdigheter
Etter fullført emne kan studenten
- på eit grunnleggjande nivå beskrive, fortolke og samanlikne litteraturteoretiske tekstar frå omkring 1915 til i dag.
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
- på eit grunnleggjande nivå skildre, fortolke og samanlikne litteraturteoretiske tekstar frå omkring 1915 til i dag.
- arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og presentere resultat frå dette arbeidet i skriftleg, akademisk form
- leite opp nødvendig informasjon og bakgrunnsmateriale til sjølvstendig arbeid med akademiske tekstar og problemstillingar
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og diskusjon samt praktiske skriveøvingar i kollokvium. Normalt omfang er fire til seks undervisningstimar og to kollokvietimar per uke i undervisningsperioden.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Munnleg eksamen i ca. 30 minutt kor ein kan bli prøvd i heile pensum.
Våren 2021 blir munnleg eksamen digital, som tiltak mot spreiing av koronavirus.
Pensumet er samansett av et større utval av litteraturteoretiske tekstar og innføringsverk i moderne litteraturteori.
Studentar som vil gjere endringar i høve til standard pensum, må levere inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side eller blir opplyst ved instituttet.