Emner: AORG323A Kvalitativ metode - Vår 2021




Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Føremålet med kurset er å ta opp grunnomgrep og arbeidsmetodar i faget til diskusjon, trene studentane i å identifisere samanhengen mellom teori og data og å gjere dei i stand til sjølv å kunne utvikle slike samanhengar. Kurset vil lære studentane relevansen av positivistiske, hermeneutiske og diskursive forskingstilnærmingar i studiar av organisasjon og politikk med omsyn til å utvikle eit eige forskingsopplegg. Vidare vil kurset ta sikte på å presentere konkrete metodar for studentane slik at dei seinare kan velje frå ein brei meny av forskingsmetodar i arbeidet med masteroppgåva. Samstundes skal kurset gi studentane evne til å forstå og drøfte kritisk metodar i andre forskingsbidrag som dei møter i samband med til dømes utarbeiding av litteraturstudiar. Eit gjennomgangstema på kurset vil være forskingsdesign, der vi tek sikte på å vise korleis dei ulike delane av forskingsprosessen står i høve til kvarandre. Endeleg er det eit mål å vise studentane korleis metodologiske val heng saman med ulike vitskapsteretiske tradisjonar.

Kurset har følgjande komponentar:

  1. Vitskapsteori og grunnleggjande omgrepsanalyse
  2. Forskingsdesign
  3. Case som forskingsstrategi
  4. Tekstanalyse og dokumentdata
  5. Kvalitativt intervju

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Ferdigheter

Generell kompetanse

Tilrådde forkunnskapar

AORG101, AORG104, AORG103 / AORG105 / AORG107, AORG209 / AORG210

Studiepoengsreduksjon

Fullstendig overlapp og total poengreduksjon med AORG323B, AORG319 og AORG321.

Krav til studierett

Emnet er for studentar som er tatt opp til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap.

Arbeids- og undervisningsformer

8-9 førelesningar og 1-2 seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon av eit kortare essay (om lag 2000 ord) om eit
pensum relatert tema. I tillegg skal kvar student minst ein gong kommentera eit skriftleg/munnleg bidrag frå ein annan student.

Arbeidskravet må vere godkjent for å kunne ta eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt dei to påfølgande eksamenssemestra.

Vurderingsformer

Skriftleg essay, om lag 6000 ord

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-p%C3%A5-eksamenrett til ny vurdering eller som stryk på eksamen i undervisningssemesteret vil det være mulig å ta ny eksamen i påfølgande semester.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@aorg.uib.no

Tlf 55 58 21 54