Emner: ARK120 Middelhavet, Nord-Europa og Norden fra ca. 500 f.Kr. til 1500 e.Kr. - Høst 2021




Studiepoeng

20.0

Studiepoeng, omfang

20 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet er obligatorisk i ein bachelorgrad i arkeologi. Læringsmål Emnet har tre geografiske og kronologiske tyngdepunkt. Målet er at kvar av dei skal gje oversyn over:

 

I

(1) gresk og romersk kulturutvikling frå dei greske bystatane frå ca. 500 f. til oppløysinga av Romarriket ca. 550 e.Kr.

(2) Den parallelle utviklinga i Nord-Europa og Norden i same tidsspennet, frå førromersk jernalder til yngre jernalder, og byrjinga av den europeiske mellomalderen, ca. 500 f.Kr. til ca. 550 e.Kr.

(3) Utviklinga i Norge og Norden i yngre jernalder (merovingertid og vikingtid) og nordisk mellomalder, frå ca. 550 e.Kr. til ca. 1500 e.Kr.

 

II

Gjennom ei geografisk og kronologisk framstilling, skal tyngdepunkta syne likskapar og ulikskapar i kulturutviklinga i ein tidssamanheng.

 

III

Dei tre emneområda skal med utgangspunkt i det arkeologiske materialet gje ei innføring i samfunnsutviklinga og basisnæringane i dei ulike områda. Alle periodane syner store omskifte og utvikling, men i ulik takt, med omsyn til samfunnsstruktur, styresett og sosial lagdeling. Strid, uro og vekslande makttilhøve, folkeflyttingar, religiøse endringar og utvikling av urbane samfunn er tilhøve som set preg på alle desse periodane. Emnet skal òg vise utviklinga i basisnæringar i område med ulike ressursar.

Overordna for alle dei tre tyngdepunkta, er å gje oversyn over og innsikt i korleis arkeologisk materiale gir grunnlag for kunnskap og for somme periodar, særleg i klassisk tid og mellomalder, vise samspelet mellom materiell kultur og skriftkultur.

Det blir lagt vekt på å gje ei overordna framstilling av utviklinga gresk og romersk ved Middelhavsområdet frå ca. 500 f.Kr. fram til ca. 550 e.Kr. og samstundes følgje den parallelle utviklinga i Nord-Europa. I emnet har utviklinga i Norge og Norden eit større tyngdepunkt frå yngre jernalder, særleg vikingtid og nordisk mellomalder fram til ca. 1500 e.Kr.

Dei to tusen åra emnet dekker i Norden, omfattar eldre jernalder, yngre jernalder og mellomalder. Samla er perioden prega av store samfunnsendringar, m.a. med etableringa og oppløysinga av det romerske imperiet. Emnet gir eit grunnleggjande oversyn over det arkeologiske materialet frå gresk og romersk kultur, og forståing av korleis desse kulturane har påverka resten av Europa.

Emnet gir også eit tilsvarande oversyn over den parallelle Nord-Europa, som var prega av folkeflyttingar og mobilitet.

For den yngste tidbolken er det lagt særleg vekt på utviklinga og ekspansjonen frå vikingtid av (800-1050) og mellomalderen i Norge og Norden, med religionsskifte, stats- og bydanning og spesialisterte næringar.

Tolking av materiell kultur står sentralt i alle tema som blir tekne opp, men skriftlege kjelder er òg viktige når desse kjeldekategoriane opptrer parallelt, og er særleg relevant innan klassisk arkeologi og mellomalderarkeologi.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten:

Ferdigheiter

Studenten:

Generell kompetanse

Studenten:

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk

Studiepoengsreduksjon

Fullt fagleg overlapp med ARK103 og ARK104

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga omfattar om lag 15-20 forelesingar. Dersom ressursane tillét det, vert det organisert kollokviegrupper og ekskursjonar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på materialkurs, og deltaking er ein føresetnad for å kunna ta eksamen i emnet.

Det er òg eit obligatorisk arbeidskrav å levere inn ei øvingsoppgåve på 1500 ord. Det vert eit obligatorisk seminar, der studenten skal presentere si eiga oppgåve og kommentere andre sine oppgåver. Presentering og kommentering er obligatorisk.

80% deltaking på undervisninga er obligatorisk. Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen er ein sju dagars heimeeksamen med eit omfang på om lag 3000 ord. 

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Instituttet utarbeider litteraturlister, pensum er om lag 2500 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Programansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Kontaktinformasjon

mailto:studierettleiar@ahkr.uib.nomailto:studierettleiar@ahkr.uib.no

mailto:studierettleiar@ahkr.uib.nostudierettleiar@ahkr.uib.no