Emner: BIO100 Innføring i evolusjon og økologi - Høst 2021




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i https://www.uib.no/matnat/53575/undervisningsopptaket-ved-mn-fakultetetundervisningsopptaket.

Frist for å melde seg til undervising i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på https://fsweb.no/studentweb/login.jsfStudentweb seinast tysdag i veke 34.

Tidspunkt for første førelesing finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på https://mitt.uib.no/login/ldapMitt UiB.

Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei grunnleggjande innføring i korleis evolusjon og økologi heng saman og fører til tilpassingar i populasjonar og artar, inkludert mennesket. Emnet inneheld også grunnleggjande populasjonsdynamikk, utviklinga av biologi som fagfelt og biologien si rolle i dei store globale utfordringane. Det matematiske innhaldet i kurset er knytt til populasjonsdynamikk og naturleg seleksjon.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

 

Ferdigheiter:

 

Generell kompetanse:

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det er ein fordel om studentane har Biologi 1+2, eller tilsvarande frå vidaregåande skule.

Studiepoengsreduksjon

10 SP overlapp med BIO110.

Krav til studierett

Emnet er opent for studentar ved UiB. Studentar som har emnet som obligatorisk eller tilrådd i sin utdanningsplan vil bli prioritert dersom det er fleire søkjarar enn plasser.

Arbeids- og undervisningsformer

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på første forelesning.

Vurderingsformer

Det er mappevurdering i BIO100 der karakteren er basert på to element: 1) Poeng frå individuelle testar og innleveringar undervegs i samband med gruppeundervisning (vekt 25%).  2) Ein skriftleg avsluttande skuleeksamen med fleirvalsoppgåver (3 timar, vekt 75%) som ein må bestå for å bestå emnet.

Studentar som består vurderingselement 2 får ein bokstavkarakter basert på begge vurderingselementa, vekta slik som i lista ovanfor, der progresjon kan avgjere vippetilfelle. Studentar som tidlegare har gjennomført delar av karaktergrunnlaget kan velje å ta opp eitt eller begge vurderingselementa i undervisningssemesteret (haust). Del 2 kan også takast på nytt i vårsemesteret (februar-mars). Den beste presentasjonen på kvart vurderingselement nyttast til å rekne ut ny karakter. Poeng frå tidlegare semester kan bli justert om det er nivåforskjeller frå år til år, til dømes grunna vanskegrad på eksamensoppgåvene. 

Vurderingselementa er gyldige i seks semester, inkludert inneverande semester.

Ta kontakt med studieseksjonen dersom gyldigheita av vurderingselementa har gått ut for å sjekke om du likevel kan ta opp faget eller dersom du har tatt emnet med tidligare vurderingskombinasjon og ønsker å forbetre karakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

Tillatne hjelpemiddel på alle vurderingselementa: kalkulator

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Alle vurderingselementa kan takast i undervisningssemesteret (haust).

Vurderingselement 2 (skriftleg skuleeksamen) kan også takast i vårsemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no