Emner: BIO102 Organismebiologi 2 - Høst 2021




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaketundervisningsopptaket.

Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på https://fsweb.no/studentweb/login.jsfStudentweb seinast tysdag veka etter fristen.

Tidspunkt for første førelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på https://mitt.uib.no/login/ldapMitt UiB. Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er å utvikle studentane sin kunnskap i populasjonsøkologi, samfunnsøkologi, økosystem og bevaringsøkologi for prokaryote organismar, planter, sopp og dyr. Gjennom ein kombinasjon av arbeid i felt og undervisning vil studentane få trening i å identifisere artar, og utvikle ei forståing av korleis artar er tilpassa miljøet dei lever i, kva krav dei stiller til miljøet og korleis artane påverkar og er avhengige av kvarandre. I tillegg vil nokon av dei spesielle utfordringane ein har med bevaring av biologisk mangfald i Norden bli diskutert (truga artar og naturtypar, svartelister osb.). Vidare vil emnet innehalde ei innføring i vitskaplege metodar i felt som blir brukt til å studere dei nemnde aspekta.

Emnet vil i tillegg til førelesningar innehalde praktisk undervisning i felt. Ein del av feltkurset vil fokusere på identifisering av artar, kva krav artane har til miljøet og betydninga av mikroorganismar i havet og i jorda. Ein annan del av feltkurset vil fokusere på å lage eit relevant vitskapleg prosjekt som blir gjennomført på feltkurset.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten:

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 BIO100 og BIO101.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav. Studentar som har emnet som obligatorisk del av graden vil bli prioritert dersom det er fleire søkjarar enn plassar.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar og feltkurs

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på feltkurs.

Feltkurset er i veke 34 og 35 (måndag til fredag). Det er obligatorisk å delta på alle dagane på feltkurset. Kontakt instituttet på e-post: mailto:studie@bio.uib.nostudie@bio.uib.no for spørsmål om feltkurset.

Obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i 5 påfølgjande semester.

 

Eigenandel for deltaking på feltkurs

Studentar på emne som reiser på feltkurs med overnatting må sjølv dekke utgifter til mat og drikke under feltkurset. Av omsyn til reglar og krav om handtering av mat og hygiene må institutt for biovitskap kjøpe mat frå dei ulike overnattingsstadane og studentane kan ikkje ta med eigen mat. Instituttet står derfor for bestilling av mat for alle deltakarane på feltkurset. Studentar betalar ein sum på 100 kroner per døgn for dette. Instituttet dekker utgifter til felles busstransport og losji, i tillegg til kostnader for mat utover 100 kroner per døgn.

Studentar som køyrer eigen bil må melde i frå på e-post mailto:studie@bio.uib.nostudie@bio.uib.no seinast 10 dagar før avreise. I e-posten må det stå kven som køyrer og kven som eventuelt er med som passasjerar i bilen. Instituttet dekker ikkje utgifter for privat transport.

Vurderingsformer

Mappeevaluering, består av seks ulike innleveringar/aktivitetar.

Tre av aktivitetane er obligatoriske for alle studentane (62,5% av karaktergrunnlaget):

1) Artskunnskap: identifisere artar og skrive ein rapport. Det vil bli gitt meir informasjon om denne aktiviteten i slutten av vårsemesteret slik at studentane kan bruke sommaren på å samle inn artar (17,5%)

2) Prosjektoppgåve: samarbeidsprosjekt der alle på gruppa skal delta i innsamling av data og skrive ein rapport (12,5%)

3) Avsluttande quiz (32,5%)

 

For dei tre resterande aktivitetane skal studentane gjennomføre 3 av 4 aktivitetar (37,5% av karaktergrunnlaget):

1) Faktasjekk: vel ein påstand relatert til klimakrise/naturkrise og vurder denne påstanden (12,5%)

2) På grunn av endringar vil studentane få meir informasjon om oppgåve 2 ved semesterstart (12,5%)

3) Artar si utbreiing: kort presentasjon av utbreiing av artar og diskusjon om mogleg faktorar som kan forklare det observerte utbreiingsmønsteret (12,5%)

4) Quizoppgåver: lage oppgåver frå pensum til quiz om termar i økologien (12,5%)

Dersom ein student leverer inn alle fire innleveringane er det dei tre innleveringane med høgast poengsum som tel med i mappeevalueringa.

 

Følgande informasjon om mappeevalueringa vil bli publisert på Mitt UiB og informert om på første førelesning:

Prosess og progresjon inngår ikkje i mappeevalueringa.

Dei ulike innleveringane/aktivitetane i mappeevalueringa er gyldige i 5 påfølgande semester.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

BIO111 Zoologi (5 SP), BIO112 Botanikk (5 SP), BIO113 Mikrobiologi (5 SP).

Vurderingssemester

Haust.

Studentar som tidlegare har gjennomført mappeevaluering i BIO102 kan melde seg opp til ny vurdering i undervisningssemesteret og ta opp ei/fleire/alle innleveringane/aktivitetane som inngår i mappeevalueringa. Ny vurdering vil då inkludere tidlegare resultat for innleveringane/aktivitetane som ikkje blir gjennomført på nytt.

Dei ulike delane i mappeevalueringa er gyldige i 5 påfølgjande semester.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for det faglege innhaldet og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogramma og alle emna der.

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emne og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Kontakt studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no