Emner: DIDAENG1 Engelskdidaktikk 1 - Høst 2021




Studiepoeng

7.5

Studiepoeng, omfang

7,5

Studienivå (studiesyklus)

Praktisk-pedagogisk utdanning

Fulltid/deltid

-

Undervisningsspråk

Engelsk og norsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Fagdidaktikk i engelsk inngår som ein del av universitetet si engelsklærarutdanning. Sentralt i studiet er spørsmål knytte til kompetanseutvikling i engelsk hjå elevane og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.

Eit grunnleggjande spørsmål er korleis studenten kan utvikle og relatere engelskfagleg kunnskap til det å vere engelsklærar. Spesielt viktig er det å utvikle forståing for korleis eiga språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å leggje til rette for språklæring hjå elevane.

Studiet er organisert slik at ein har noko undervisning på tvers av språkfaga for å streke under ein felles kunnskapsteoretisk samanheng for alle språk- og kulturfaga og med tanke på felles danningsmålsetjingar for språkfaga i skolen.

Studiet er sett saman av fire målområde som inngår i begge modulane:

Læringsutbyte

Gjennom studiet skal studentane setje seg inn i teoriar om tekst, kommunikasjon og språklæring og kunne bruke desse i arbeidet med å fremje elevane si læring i engelsk.

 

Kunnskapar

Kandidaten

 

Ferdigheiter

Kandidaten

 

Generell kompetanse

Kandidaten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Om lag 24 timar undervisning fordelt på førelesingar og seminar, av desse er om lag 4 timar fellesundervisning i språkdidaktikk.

Rettleiing og skolebesøk.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen i https://www.uib.no/nb/emne/DIDAENG1DIDAENG1 må studentane ha gjennomført 2 obligatoriske aktiviteter innan fastsette tidsfristar.

Dei obligatoriske oppgåvene er:
- gi tilbakemelding på ein medstudent sitt førsteutkast til mappetekst
- leggje inn eit bearbeida utkast til ein mappetekst i Mitt UiB

 

Pga. koronasituasjonen vil kravet om oppmøte til undervisninga ikkje bli handheva hausten 2021. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad.

Vurderingsformer

Mappe som inneheld to tekstar og eit refleksjonsnotat. Mappa skal ha eit omfang på om lag 3000 ord, vedlegg ikkje medrekna. Studentane kan velje om mappa skal skrivast på norsk eller engelsk.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum svarar til om lag 375 sider av normal vanskegrad knytt til læringsmåla i faget. Av desse er eit utval felles for språkfaga.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Det psykologiske fakultet

Emneansvarleg

Fagmiljøet i engelsk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet.

Kontaktinformasjon

mailto:studierettleiar@if.uib.no

mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no