DIDAFIL 1 skal gje studentane ei grunnleggjande innføring i filosofiens fagdidaktikk. Eit sentralt tema er samanhengen mellom metafilosofiske problemstillingar (¿kva er filosofi?¿), institusjonelle tilhøve (¿kva plass har filosofi i skulen?¿) og metodiske spørsmål (¿korleis undervisa filosofi?¿).
Emnet skal gje studentane innsikt i læreplanverket, særleg læreplanane for programfaget ¿Historie og filosofi¿ (vidaregåande skule), men òg i faga ¿Religion, livssyn og etikk¿ (grunnskulen) og ¿Religion og etikk¿ (vidaregåande skule).
Drøfting av tilhøvet mellom filosofi som kulturfenomen (filosofihistorie), som temafelt (filosofiske disiplinar) og som metode (kritisk tenkning) er sentralt. Studentane skal kjenne til ulike undervisningsmetodar og utvikla forståing av samanhengen mellom form (undervisningsmetode) og innhald i undervisninga.
DIDAFIL 1 legg særleg vekt på munnlege ferdigheiter og undervisningsmetodar (filosofisk samtale).
Emnet skal gje grunnlag for sjølvstendig planlegging, grunngjeving, gjennomføring og vurdering av undervisning i filosofi. Studiet tar sikte på å auke studentanes kompetanse når det gjeld å gjennomføre, vurdere og vidareutvikle eigne dugleikar i forhold til så vel klasseundervisning som individuell rettleiing.
Undervisninga i emnet skal førebu studentane til praksis i skulen, og gje rom for refleksjon over praksiserfaringar.
Kunnskap: Etter fullført emne skal studenten ha
Dugleik: Etter fullført emne skal studenten kunne
Kompetanse:
Fullført emne inngår som del av den formelle kvalifikasjonen til undervisningsstillingar i skulen.
Pensumet er samansett av innføringsverk og/eller artiklar som tek føre seg ulike sider ved emnet. Omfanget er på ca. 375 sider.
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no