Emner: DIDASAK3 Samfunnskunnskapsdidaktikk 3 - Høst 2021




Studiepoeng

7.5

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Målet med emnet er at studentane kan kunna gjera utdjupande vurderingar av elevane sine faglege føresetnader for faget, og kva implikasjonar det har for praksis. Det er vidare eit mål å utvikla didaktisk refleksjon om digitale dugleikar i faget, med vekt på elevane sine føresetnader. Emnet skal derfor gi innsikt i dei faglege og kognitive føresetnadene elevar møter samfunnskunnskapsfaget med. Særleg viktig er innsikt i korleis elevar si samfunnsforståing utviklar seg, og drøfting av eigna undervisning i møte med ulike kunnskapsutgangspunkt er eit viktig mål.

Emnet skal gi innsikt i teoriar om tilhøvet mellom individ og samfunn, og gi grunnlag for fagdidaktiske vurderingar av mål og innhald for faget i grunnopplæringa. Emnet skal gi innsikt i digital kompetanse innanfor samfunnskunnskapen og studentane skal kunna drøfta og prøva ut ulike måtar å arbeida med digital kompetanse på.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

Ferdigheter

Studenten kan

Generell kompetanse

Studenten kan

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar tatt opp på eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) med eitt undervisningsfag.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, seminar og studentframlegg i tilknyting til praksis.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på seminar (minimum 80%)

Vurderingsformer

Heimeeksamen over 4 dagar, 3000 ord.

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-p%C3%A5-eksamenrett til ny vurdering eller som stryk på eksamen i undervisningssemesteret vil det være mulig å ta ny eksamen i påfølgande semester.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@aorg.uib.no