Norsk
Haust
Målet for kurset er å gi ei elementær innføring i faget samfunnsøkonomi.
Kurset startar med ein diskusjon av kva samfunnsøkonomifaget inneber, og held fram med ei innføring i sentrale samfunnsøkonomiske omgrep som marknad, rasjonalitet, likevekt, modell, strategi og analyse. Etter dette går ein inn på kva slags fenomen og problem økonomar studerer og korleis økonomar tenker. Kurset gir ein oversikt over og smakebitar frå sentrale deler av faget: makroøkonomi (med konjunktur-, inflasjons- og vekstmodellar), arbeidsmarknader og arbeidsløyse, internasjonal handel, utvikling og globalisering. Det vil bli lagt stor vekt på å vise korleis dei ulike teoriane kan kaste lys over aktuelle spørsmål frå norsk og internasjonal røyndom. Etter dette går ein inn på kva slags fenomen og problem økonomar studerer.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten...
Ferdigheiter
Kandidaten...
Førelesingar. Seminarundervisning.
Ei obligatorisk innlevering som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Oppdatert: Pga. koronasituasjonen kan kravet om obligatorisk frammøte gjennomføres digitalt høstsemesteret 2021.
4 timar skriftleg skuleeksamen
Vurderingsform er endra frå 4 timar skuleeksamen til 4,5 timars heimeeksamen som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters. Kalkulator: Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Institutt for økonomi
studieveileder@econ.uib.no