Emner: ECON116 Miljø- og ressursøkonomi - Vår 2021




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

 

 

Undervisningssemester

Haustsemester

 

Mål og innhald

Målsetjinga for kurset er å gi ei brei innføring i sentrale tema innanfor miljø- og naturressursøkonomi.

Samfunnsøkonomisk kunnskap om naturmiljø og naturressurser har fått ei større og større betydning ikkje berre for dei styrande organ som skal regulere aktiviteten på desse område, men også for private aktørar som skal tilpasse seg lovar og reglar som vert utforma, og som selv ønsker å handle berekraftig.

Kurset begynner med en gjennomgang av dei miljø- og klimamessige utfordringar som vi står overfor og går deretter inn på ein del grunnleggjande prinsipp innanfor økonomisk teori som må bli lagt til grunn for forvaltninga av naturen. Det handlar om prinsipp knytta til såkalla effisiens og til velferdsteori. Samfunnsøkonomisk sett betraktar vi miljø- og klimaproblem som eit resultat av såkalla marknadssvikt eller marknadsfeil. Kurset vil gi ein gjennomgang av dei viktigaste former for marknadssvikt. Et anna tema som vert tatt opp er utnytting av fossile og fornybare energiressursar. Vidare vil kurset ta opp spørsmål knytta til berekraftig utvikling og internasjonale klima-avtaler. Endeleg vil kurset legge vekt på samfunnsøkonomiske prinsipp knytta til forvaltning av ikkje-fornybare (f.eks. olje, naturgass, kol) og fornybare naturressursar (f.eks. skog, vann, fisk).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten...

Ferdigheiter

Kandidaten...

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Ope

Arbeids- og undervisningsformer

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ein godkjend innleveringsoppgåve.

Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.

Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Oppdatering: Vurderingsform er endra frå 4 timar skuleeksamen til 4 timars heimeeksamen våren 2021 som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.

Hjelpemiddel til eksamen

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters. Kalkulator: Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-p%C3%A5-eksamenrett til ny vurdering.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

studieveileder@econ.uib.no