Emner: ECON230 Internasjonal makroøkonomi - Høst 2021
Studiepoeng
10.0Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Målet med kurset er å sette studenten i stand til å analysere makroøkonomisk politikk for ein liten open økonomi, og å gje eit grunnlag for vurdering av korleis styresmaktene kan sikre gjennomføring av sentrale makroøkonomiske målsetjingar som sysselsetting, inflasjon og økonomisk vekst, i ein situasjon der politikken kan påverke valutakursen. Ein går vidare mellom anna inn på globaliserte kapitalmarknader, optimale valutaområder og internasjonale pengesystem, såvel som den ulike fordelinga av inntekt mellom land.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten skal kunne
- gjere greie for korleis ein stiller opp eit utanriksrekneskap, og bruke utanriksrekneskapen til å utvide nasjonalrekneskapsapparatet til opne økonomiar
- gjere greie for korleis valutakursar blir bestemt
- gjere greie for forholdet mellom valutakursendringar og relative prisar på ulike lands eksportvarer
- gjere greie for teorien om kjøpekraftsparitet
- beskrive og forklare den ulike fordelinga av inntekt mellom land
Ferdigheiter
Studenten skal kunne
- drøfte omgrepet realvalutakurs og kva som påverkar denne på lang sikt
- drøfte forholdet mellom realvalutakurs og internasjonale forskjellar i realrenter
- drøfte forholdet mellom makroøkonomisk politikk, driftsbalanse og valutakurs på kort og lang sikt
- drøfte korleis fastkursregimer verkar
- gje eit historisk oversyn over internasjonale pengesystem
- drøfte «Mundells trilemma»
- drøfte utfordringar knytt til finansiell globalisering, av dette årsaker til og konsekvensar av finanskrisa som starta i 2007
- drøfte teorien for optimale valutaområde og drøfte utfordringar i eurosamarbeidet i lys av denne teorien
- drøfte viktige økonomiske fellestrekk ved utviklingsland
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
ECON130
Studiepoengsreduksjon
6 studiepoeng med ITØK102
Krav til studierett
Ope
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar. Seminarundervisning.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei obligatorisk innlevering som må vere godkjend for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Oppdatert: Pga. koronasituasjonen kan kravet om obligatorisk frammøte gjennomføres digitalt høstsemesteret 2021.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Oppdatering: Vurderingsform er endra frå 4 timar skuleeksamen til 4,5 timars heimeeksamen som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.
Hjelpemiddel til eksamen
Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters. Kalkulator: Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillate brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82, Casio FX-82ES PLUS eller Casio FX-82EX
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med https://www.uib.no/student/116194/syk-p%C3%A5-eksamenrett til ny vurdering.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Kontaktinformasjon
Institutt for økonomi
studieveileder@econ.uib.no