Mål
Emnet har som mål å gi studentane ein introduksjon til og oversikt over ulike energiressursar og teknologiar, og deira bruk. Emnet skal formidle forståing for bidraget frå ulike energikjelder til nasjonal og global energiforsyning, korleis denne har utvikla seg over tid og kva mogelegheiter som ligg i framtida.
Innhald
Emnet diskuterer sentrale fornybare energikjelder som solenergi, vindenergi, vasskraft, havenergi, bioenergi og geotermisk energi. I tillegg tek emnet for seg kjernekraft og fossile energikjelder. Tema som energisystem, energilagring og energieffektivitet vert óg introdusert, saman med CO2-fangst og lagring. Dei ulike energikjeldene vil bli satt inn eit berekraft- og økonomiperspektiv. Prinsippet for livssyklusanalyse vil og bli introdusert. Emnet vil gje ei oversikt over nasjonal og global energiproduksjon og forbruk, korleis energi vert nytta og projeksjonar fram i tid.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Prosjektarbeid vil telle 20% av endeleg karakter og må være gjennomført.
Skriftleg eksamen 4 timar, vil telle 80% av endeleg karakter og må være bestått.
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
I utgangspunktet vil referansegruppe bli brukt årleg.
Studierettleiar kan du kontakte her:
energi-siving@uib.no