Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har vidarekomen kunnskap om engelsk språkstruktur og om sentrale omgrep innan syntaks og morfologi
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruka kunnskapane til å analysere språklegmateriale.
- har ei god forståing av- og kan meistre eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat
Generell kompetanse
Studenten
- har nok kompetanse til å kunne vidareutvikle sine kunnskapar t.d. gjennom studiet av lingvistikk på 200-nivå
- kan uttrykkje seg korrekt på akademisk engelsk
Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Ein vil òg rå til at studentane har fullført ENG100 og EXFAC00SK Språkkunnskap. Merk òg at ENG107 byggjer på ENG114 og undervisninga føreset at studentane har fullført dette emnet eller har tilsvarande kunnskapar.
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkja Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen.
For exchange students:
Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.
Forelesing og grupper: opp til 36 timar.
Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Våren 2021 er alle hjelpemiddel tillatne ved eksamen.
Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no