Emner: ENG119 Utvalgt emne i engelsk språkvariasjon - Vår 2021




Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningsspråk

 Engelsk

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

 

ENG119 byggjer på ENG114 og ENG115 (ENG101).

 

Emnet ENG119 skal gi studentane kunnskap om og innsikt i utvalgte emne i engelsk språkvariasjon. Emnet skal òg gi studentane eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat som arbeidsreiskap.

Innhaldet i emnet vil variere frå år til år. Tilbodet kan til dømes vere kurs med tema frå ulike nasjonale, internasjonale og/eller regionale varianter av engelsk, engelsk som verdspråk, pidgin- og kreol-varianter av engelsk, mm. Tilnærminga til språkvariasjonen kan vere fonologisk, morfologisk, syntaktisk, eller ein kombinasjon av desse.

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

- har detaljert kunnskap om språkvariasjon i engelsk

- kan skildre språkvariasjon på ein presis måte

 

Ferdigheiter

Studenten

- har ei god forståing av- og kan meistre eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat

 

Generell kompetanse

Studenten

- har nok kompetanse til å kunne vidareutvikle sine kunnskapar t.d. gjennom studiet av lingvistikk på 200-nivå

- kan uttrykkje seg korrekt på akademisk engelsk

 

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav til forkunnskapar; men sjå tilrådde forkunnskapar. 

Tilrådde forkunnskapar

Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

 

Ein vil òg rå til at studentane har fullført ENG100, EXFAC00SK Språkkunnskap, ENG114 og ENG115, eller har tilsvarande kunnskapar.

 

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoengutteljinga for ENG119 redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med ENG104, ENG106, ENG106L, ENG109, ENG111 eller ENG112.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkje Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen.

 

For exchange students:
Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.

 

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesing: opp til 24 timar

 

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er ingen obligatoriske oppgåver, men det blir gitt ei øvingsoppgåve, og ein vil sterkt rå til at studentane leverer inn denne. 

Vurderingsformer

Våren 2021 er vurderingsforma endra frå skriftleg skoleeksamen til tre timars skriftleg eksamen heimefrå + 30 minutt teknisk tid, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

 

Hjelpemiddel til eksamen

Våren 2021 er alle hjelpemiddel tillatne ved eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Det er vurdering i begge semester.

Litteraturliste

Pensum omfattar ei innføring og/eller innførande tekstar om språkvariasjon i engelsk.

 

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

 

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no