Emnet gir ei allmenn historisk innføring i amerikansk litteratur, kultur, og samfunnsutvikling.
Studiet har som mål å gi auka kunnskap om mangfaldet i amerikansk kultur i eit historisk perspektiv, og dessutan forståing av grunnleggjande premissar for utviklinga av litteraturen slik den speglar samfunnet. Studiet skal òg utvikle evna til å uttrykkje seg skriftleg og munnleg på engelsk.
Studentane skal utvikle evne til sjølvstendig vurdering av og reflekterande haldning til pensumtekstane. Kurset gir ei innføring i tekstanalyse i dei litterære hovudmodusane prosa, drama og lyrikk, og utvilka evna til å ta for seg både formelle og tematiske trekk i litteraturen. Gjennom tolking og analyse av ei rekkje litterære verk vil det òg bli gitt ei forståing av dei viktigaste epokane og utviklingstrekka innanfor amerikansk litteratur og kultur. Verka blir tolka med omsyn til viktige trekk av si tids samfunnstilhøve og politiske kontekst.
Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har ei grunnleggjande forståing av amerikansk litteratur og kultur i ein historisk kontekst
- har utvikla evna til sjølvstendig kritisk lesing av primærtekstar, grunna i teoretiske metodar for analyse av litterære og ikkje-litterære tekstar
- har ei forståing av tilhøvet mellom primærtekstane og dei større historiske, sosiale og politiske rammene dei høyrer til og er i dialog med
- har ei forståing av det som karakteriserer dei ulike litterære sjangrane studiet omfattar, så som roman, novelle, dikt, skodespel og ikkje-skjønnlitterære tekstar
Ferdigheiter
Studenten
- kan skrive godt strukturerte essay som diskuterer tekstar frå eit litteratur- og kulturteoretisk perspektiv.
Generell kompetanse
Studenten
- kan uttrykkje seg akademisk på skriftleg og munnleg engelsk.
Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Ein vil òg rå til at studentane har fullført ENG100 og EXFAC00SK Språkkunnskap.
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
For exchange students:
Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.
Forelesing og seminar: opp til 72 timar.
Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
På grunn av koronasituasjonen fell kravet om obligatorisk frammøte på seminara bort hausten 2021. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad. I staden må studentane møte følgjande arbeidskrav:
Obligatoriske krav knytt til seminara i ENG122:
1. Munnleg presentasjon på seminar
2. Kommentar på medstudentar sine presentasjonar i seminar
Obligatoriske krav knytt til kollokvie i ENG122:
Levere inn to skriftlege arbeid i løpet av semesteret, via Mitt UiB.
Dei obligatoriske arbeidskrava blir organisert i seminarundervisning og i kollokviegruppene. Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.
Våren 2021 er vurderingsforma endra frå skriftleg skoleeksamen til fem timars skriftleg eksamen heimefrå + éin time teknisk tid, som tiltak mot spreiing av koronavirus.
Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no