Emner: FARM103 Samfunnsfarmasi I - Vår 2021
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gje ei innføring i farmasien si historie, farmasi som profesjon og farmasøy-tar si utdanning og rolle i helsetenesta. Emnet vil også ta opp sentrale aspekt ved lov-verk, etikk og kommunikasjon. Emnet skal gje basiskunnskap om legemiddel med meir (framstilling, bruk, overvaking) og om helsetenesta og legemiddelfeltet, inkludert apo-teksektoren.
Emnet skal gje innsikt i helse- og sjukdomsomgrep og sosial ulikskap i helse, i tillegg til innsikt i globale helseutfordringar og farmasien si rolle i desse.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter gjennomført emne kan studenten:
- Skildre dei viktigaste aktørane innan legemiddelfeltet og deira ansvarsområde
- Gjengi sentrale trekk i farmasien si historie
- Reflektere over profesjonen si stilling i samfunnet no og i framtida i lys av den historiske utviklinga til profesjonen
- Skildre apoteket sine arbeidsoppgåver, arbeidsflyt og finansieringsmodell
- Forklare korleis farmasøytisk kunnskap kan ha implikasjonar for samfunnet og korleis samfunnsstrukturar påverkar legemiddelbruk på individ- og samfunnsnivå
- Skildre korleis sosial ulikskap nasjonalt og globalt påverkar helse
Ferdigheiter
Etter gjennomført emne kan studenten:
- Kommunisere respektfullt med medstudentar, helsepersonell og legemiddelbrukarar
- Bruke opne og lukka spørsmål i kommunikasjon med ein pasient for å få nødvendig informasjon for trygg ekspedisjon eller rettleiing
- Nytte basalt farmasøytisk og medisinsk fagspråk korrekt
Generell kompetanse
Etter gjennomført emne kan studenten:
- Finne fram i og nytte relevant lovverk til å finne svar på enkle apotekrelaterte problemstillingar
- Identifisere og analysere etiske dilemma og grunngi etiske val
- Identifisere seg med den farmasøytiske profesjonen og det farmasøytiske miljøet
- Uttrykke seg klart og tydeleg skriftleg og munnleg ovanfor både fagfolk og andre
- Nytte studieteknikkar som fremmar evne til refleksjon om eigen læring og utøving av fagleg virksomhet
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Studierett på Integrert masterprogram i farmasi
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar, gruppearbeid, Teambasert læring (TBL), hospitering og bedriftsbesøk
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på all undervisning; Førelesningar, TBL, gruppearbeid (Maksimalt 20 % fråvær).
Obligatorisk utplassering i apotek
Obligatoriske sjølvstendige oppgåver
Obligatoriske gruppeoppgåver
Vurderingsformer
Godkjente obligatoriske oppgåver. Mappeinnlevering.
Mappa skal innehalde:
- Alle skriftlege innleveringar gjennom hausten; individuelle og gruppeoppgåver
- Refleksjonsnotat etter hospitering i apotek
- Refleksjonsnotat etter gjennomført undervisning
Alt dette inngår i vurderingsgrunnlaget.
Art og omfang av innleveringane vil det bli informert om i undervisninga. Prosess og progresjon vil i hovudsak bli vurdert i TBL - ikkje i mappa. Arbeida går inn i mappa i den rekkjefølgja dei vert produsert. Mappa skal leverast samla som ei PDF-fil med framside med minimum navn, studentnummer og kull.
Karakterskala
Mappa vurderas bestått/ikkje bestått
Fagleg overlapp
Ingen
Vurderingssemester
Haust
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar: studie@igs.uib.no
Institutt