Emner: FARM280 Menneskets fysiologi - Høst 2021




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet har som mål at studentane etter gjennomført studium kan definera dei grunnleggande fysiologiske omgrepa, greie ut for mekanismane for dei ulike kroppsfunksjonane og forklåre korleis reguleringsmekanismane kan rette opp igjen likevekt og funksjon, gitt ei forstyrring av likevekta i eit fysiologisk system.

Emnet skal formidle forståing for det biologiske grunnlaget for menneskelig fysiologi.

Studiet tar opp tema som nevrofysiologi, blodets celler og funksjon, hjerte-/kar-fysiologi, respirasjons- og arbeidsfysiologi, varmebalanse og temperaturregulering, nyre og syre/base-balanse, endokrinologi og reproduksjon, fordøyelse og ernæring.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har ved avslutta emne kunnskapar om menneskets fysiologiske kontrollmekanismar.

 

Ferdigheiter

Studenten er i stand til å beskrive enkelt apparatur til fysiologiske målingar og vurdere enkle eksperiment innan fysiologien.

 

Studenten kan beskrive den fysiologiske bakgrunnen for kliniske problemstillingar.

 

Generell kompetanse

Studenten har tilegna seg fysiologikunnskaper og forstår at desse er en føresetnad for å forstå normalfunksjon og sykdomsprosessar.

 

 

 

Studiepoengsreduksjon

OD1FYS, NUTRFYS (BMED252)

Krav til studierett

Integrert masterprogram i farmasi, eller masterprogram i medisinsk teknologi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning omfattar førelesningar på omkring 80 timar

 

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 3 timar

Karakterskala

A-F

Fagleg overlapp

OD1FYS, BMED252, NUTRFYS

Emneevaluering

Skriftleg evaluering ved bruk av elektronisk evalueringsverkty.

 

 

Kontaktinformasjon

Institutt for biomedisin
studie.biomed@uib.no

 

Emneansvarleg:
Marion Kusche-Gullberg, http://uib.no/personer/Marion.Kusche-Gullberg