Emner: FARM290 Farmakologi semester I - Vår 2021
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gi kunnskapar i generell farmakologi for vidare studium i spesiell farmakologi.
- Farmakodynamikk: Læra om legemidla sin verknad på kroppen. Generelt om legemidla sine molekylære verknadsmekanismar. Struktur og funksjon hos målprotein som vert påverka av legemiddel.
- Farmakokinetikk: Læra om kva som skjer med legemidlar i kroppen
- Introduksjon i nokre grunnleggande signalsystem som er viktige i farmakologisk samanheng, til dømes kolinerg og adrenerg farmakologi, og signalvegar i sentralnervesystemet
- Introduksjon i spesiell farmakologi, der ein tar for seg medikamentell behandling av ein del sjukdomstilstandar, til dømes kolinerg og adrenerg farmakologi, svake og sterke analgetika, steroidhormon og cytostatika.
- Introduksjon i farmakoterapi, der ein arbeider i grupper for å finna optimal behandling for ulike enkle kasuistikkar.
Læringsutbyte
Etter fullført emne har studenten:
- Tileigna seg kunnskapar som er naudsynte for vidare studium i spesiell farmakologi
Etter fullført emne kan studenten:
- skildre korleis legemidlar interagerer med reseptorar og andre målprotein i kroppen
- skildre sentrale omgrep i samband med legemidla sin absorpsjon, distribusjon, likevektskonsentrasjon i plasma, og eliminasjon.
- skildre indikasjonar, verknadsmekanismer og fysiologiske effektar ved bruk av dei underviste forskjellige medikamentgruppane
Krav til studierett
Integrert masterprogram i farmasi
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar, kollokvier og gruppearbeid. 40 timar forelesningar, 12 timar gruppeundervisning (case-studiar), 8 timar kollokvier.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesningar, kollokvier og gruppearbeid. 40 timar forelesningar, 12 timar gruppeundervisning (case-studiar), 8 timar kollokvier.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatorisk oppmøte på 2 av 3 kasus-presentasjonar.
- Godkjent kasusrapport. Dette er ein føresetnad for å kunna ta endeleg eksamen.
Vurderingsformer
Skriftlig eksamen (4 timar).
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studie@kliniskmedisin.uib.no
Institutt
Klinisk institutt 2