Emner: FIL121 Filosofihistorien fra opplysningstiden til 1900-tallet - Høst 2021




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Det er eit særskilt kjenneteikn ved filosofi som fag at god innsikt i dets eige historie er ein sentral del av faget sjølv. Dette er ein viktig føresetnad for forståing av problemstillingar og tilnærmingsmåtar i samtidsfilosofien, samtidig som det gir eit oversyn over hovudtrekk ved europeisk tenknings historie som kan vere til nytte også i studiet av andre fag.

FIL121 skal gi studentane grunnleggjande kjennskap til sentrale problem, grunnomgrep og teoriar hjå fire-fem sentrale filosofar frå opplysingstida til og med første halvdelen av det tjuande hundråret. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å formidle sentrale filosofiske teoriar og problemstillingar og sjå relevansen av desse i andre samanhengar. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til grunnleggjande trekk ved europeisk filosofi fra opplysingstida til og med første halvdelen av det tjuande hundråret. Dei skal ha innsikt i filosofiske grunnomgrep, problemstillingar, argument og teoriar knytt til perioden.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studentane kunne kjenne att og formidle innsikt i grunnleggjande filosofiske problemstillingar og argument frå perioden, og kunne analysere en problemstilling, drøfte denne, og kunne se sterke og svake sider ved argumenter og resonnement.

Kompetanse:

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Bestått ex.phil. og ex.fac. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

FIL121 overlappar med ../Gamle/FIL102.htmlFIL102 (Innføring i filosofi: Fra Kant til våre dager), FIL111.htmlFIL111 (Filosofiske grunnspørsmål i filosofihistoria) og FIL112.htmlFIL112 (Klassiske filosofiske tekstar. Fortolking og argumentasjon).

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av av førelesingar og seminar. Seminara har oppmøtekrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Innlevering av eitt oppgåvesvar på 900-1200 ord. Oppgåva blir gitt av faglærar. Innleveringsfrist blir sett av instituttet. Svaret må vere godkjent for at ein skal kunne gå opp til eksamen.

Studentane skal delta på minst 7 av 10 seminar.

Vurderingsformer

Hausten 2021 er vurderingsforma endra frå skriftleg skoleeksamen til fire timars skriftleg eksamen heimefrå + éin time teknisk tid, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust/Vår

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no