Filosofi blir ofte delt inn i på den eine sida teoretisk og den andre sida praktisk filosofi. Til teoretisk filosofi reknar ein gjerne slike område som kunnskapsteori, metafysikk, ontologi, logikk, vitskapsfilosofi og sinnsfilosofi. Men skiljet mellom teoretisk og praktisk filosofi er ikkje alltid skarpt, det er heller ikkje uomstritt, og problemstillingar innanfor teoretisk filosofi er ofte relevante for spørsmål i praktisk filosofi. Difor er det viktig for alle som studerer filosofi å ha kjennskap til teoretisk filosofi, også om dei i det vidare studiet vel å konsentrere seg om praktisk filosofi.
FIL125 skal gje studentane eit oversyn over viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i teoretisk filosofi. Hovudvekta ligg på tema i samtidsfilosofien, men det vil ofte vere aktuelt å ta utgangspunkt i filosofiske verk og posisjonar frå eldre tider. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å formidle sentrale teoriar og problemstillingar innanfor teoretisk filosofi og sjå relevansen av desse i andre samanhengar. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelor-nivå.
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i teoretisk filosofi.
Dugleik:
Studentane skal kunne kjenne att og formidle innsikt i grunnleggjande problemstillingar og argument innan teoretisk filosofi i ulike samanhengar.
Kompetanse:
Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også være eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.
Pga. koronasituasjonen fell kravet om oppmøte på seminara og gruppevis munnleg innlegg bort hausten 2020. I staden må studentane levere inn eit oppgåvesvar på 900 - 1200 ord.
Hausten 2020 er vurderingsforma endra frå skriftleg skoleeksamen til fem timars skriftleg eksamen heimefrå + éin time teknisk tid, som tiltak mot spreiing av koronavirus.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.
Haust/Vår
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no