Lesing av eldre og nyare filosofiske primærkjelder i form av originaltekstar er ein sentral del av studiet av filosofi som fag. Dette er ein viktig føresetnad for forståing av problemstillingar og tilnærmingsmåtar i samtidsfilosofien, og kan og vere til nytte i studiet av andre fag der tekstforståing og argumentasjon er viktig.
FIL129 skal gi studentane høve til fordjuping i sentrale verk frå europeisk filosofi i perioden frå antikken fram til 1900-tallet. Dei skal bli kjende med ulike måtar å lese og fortolke filosofiske tekstar på. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studentane ha særs god kjennskap til eit eller fleire sentrale verk. Dei skal ha kjennskap til historiske og kulturelle føresetnader og ha god innsikt i sentrale problemstillingar, grunnomgrep, argument og teoriar i dette verket/desse verka.
Dugleik:
Etter fullført emne skal studentane kunne identifisere sentrale problemstillingar, grunnomgrep, argument og teoriar i filosofiske originaltekstar. Dei skal også kunne analysere og drøfte argument, resonnement og retoriske strategiar i desse.
Kompetanse:
Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til studium av andre fag, der tekstforståing og argumentasjon er viktig.
Studentane skal ha ei heimeeksamen på fire dagar. Eksamenssvaret skal vere på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Eksamenssvaret skal leverast digitalt.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.
Haust/Vår
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no