Emner: FRAN123 Fransk litterær analyse - Høst 2021




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

Emnet FRAN123 har eit omfang på 10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Fulltid/deltid

-

Undervisningsspråk

Fransk 

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Undervisninga finn stad i Bergen. 

Dette emnet kan òg takast som rent nettstudium: FRAN623

Mål og innhald

Emnet tek for seg nokre sentrale litterære tekstar frå det 17. hundreåret og fram til vår tid. Formålet er å utvikla evna hjå studentane til å lesa og tolka skjønnlitterære tekstar spesielt gjennom øving i litterær analyse, men òg på bakgrunn av kunnskap om litterær teori, dei aktuelle periodane og forfattarane.

I studiet av tekstane vert merksemda i særleg grad retta mot dei litterære og språklege verkemidla, men òg korleis tekstane er knytte til fransk og frankofon kultur. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

(Kunnskap)

Studenten

(Dugleik)

Studenten

(Generell kompetanse)

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på fransk og føreset gode franskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skule.

Ein rår studentane på årsstudium og bachelor til å ta våremnet FRAN122 før haustemnet FRAN123. 

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir uttellinga i studiepoeng for FRAN123 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN102 eller FRAN623. Det blir redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN105 eller FRAN106.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar som har fått opptak ved UiB.  

Arbeids- og undervisningsformer

Før undervisninga får studentane tilgang til førebuingsmateriale på læringsplattformen MittUiB med f.eks. introduksjonsvideoer/videoførelesningar, notatar, oppgåver og diskusjonsforum. Undervisninga skjer normalt på campus og føreset at studentane i forkant aktivt har arbeidd med førebuingsmaterialet. Undervisninga består av førelesingar og seminar i litterær tekstanalyse. Det blir gitt rettleiing i samband med den obligatoriske øvingsoppgåva. I tillegg til den ordinære undervisninga er det tilbod om filmframsyning.

Emnet tilbyr om lag fire timar undervisning per veke i åtte til ni veker. Undervisninga byrjar i veke 40.

Dersom ressursane tillèt det, blir det halde kollokvier/oppgåveseminar. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av førelesingar/seminar(også digital) for å få gå opp til vurdering i emnet.

I samband med undervisninga skal studentane skriva ei obligatorisk øvingsoppgåve på fransk (ca 1000 ord) under rettleiing av faglærar. Studentane vert oppmoda om å samarbeide om førebuinga av oppgåva. Oppgåvetema vert delt ut rett etter undervisningsstart, med innlevering seks veker seinare. Datoane vert kunngjorde i samband med undervisninga og ved oppslag på nettet.  Oppgåva skal vere godkjend før ein kan ta eksamen i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester. 

Vurderingsformer

Hausten 2021 er vurderingsforma endra frå skriftleg skuleeksamen til 4 timars skriftleg eksamen heime, med ei oppgåve i litterær analyse eller om litterære problemstillingar, som tiltak mot spreiing av koronavirus. Ein skal svara på fransk.

Hjelpemiddel til eksamen

Hausten 2021 er alle hjelpemiddel tillatne ved eksamen under forutsetning av korrekt bruk av kilder. Det er en selvfølge at teksten som leveres er studentens egen. UiB bruker OURIGINAL til elektronisk plagiatkontroll av innleverte studentbesvarelser.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Tekstpensum:

Omfattar eit utval tekstar frå det 17. til det 21. hundreåret.

Bakgrunnsstoff:

Ein ventar at studentane forbetrar sin kjennskap til fransk litteraturhistorie frå det 17. til det 21. hundreåret. Stoff om dei einskilde forfattarane finst t.d. i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.

I samband med undervisninga får studentane forslag til utfyllande lesing i litterær teori.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. 

Emneevaluering

Emneevaluering blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyre for fransk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no

Institutt

Institutt for fremmedspråk