Metodane nytta i kvartærgeologisk/naturgeografisk forsking er i stadig endring, og det kjem heile tida til ny teknologi som vert teken i bruk for å betre kunne kvantifisere jordoverflata, prosessmiljøa og sedimenta som vert avsett av ulike eksogene prosessar. Målet med emnet er å gje ei innføring i ulike metodar som vert nytta til å gjennomføre kvartærgeologiske og naturgeografiske forskingsprosjekt, og gjere studentane betre rusta til å møte dei praktiske utfordringane knytt til felt- og/eller laboratoriebasert forskingsprosjekt i kvartærgeologi, naturgeografi og paleoklima.
Emnet tek sikte på å gje ei innføring i korleis ein kan samle inn geologiske prøvar frå jordoverflata (innsjøsedimenter, jordprøver etc.), samt ulike geofysiske metodar for å kvantifisere jordoverflata (georadar, LIDAR, CHIRP etc.). Vidare vil ein arbeide med dei same prøvane som ein har samla inn gjennom feltarbeidet i laboratoriet, der ein vil få innføring i ein del sentrale metodar (magnetiske metodar, geokjemiske metodar, fysiske sedimentparametre etc.) for å kunne kvantifisere sedimenter avsett av ulike geomorfologiske agensar. Ein vil også arbeide med ulike metodar for å handsame geografisk informasjon samla inn under feltarbeidet (georadardata, djupnedata frå innsjøar, kartdata etc.), og det vil bli gjeven ei innføring i statistiske metodar, samt handsaming og visualisering av kvantitative data. I dette arbeidet vil ein få kjennskap til ulike typar programvare som til dømes ArcGis, RadExplorer, Agisoft, R, Microsoft Excel og ERDAS.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
Ferdigheiter
Kandidaten
Generell kompetanse
Kandidaten
Seminardeltaking, feltøvingar med skriftleg innlevering, og laboratoriearbeid med journal.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav kan berre gjennomførast ein gong og har ingen tidsavgrensing.