Emner: GEOF100 Introduksjon til atmosfære, hav og klima - Vår 2021




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust . Emnet inngår i undervisningsopptaket. Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på https://fsweb.no/studentweb/login.jsfStudentweb seinast tysdag i veke 34.

Tidspunkt for første forelesing finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på https://mitt.uib.no/login/ldapMitt UiB. Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål Emnet gjev ei innføring i dei mest sentrale emna i meteorologi, oseanografi og klima med vekt på ei kvalitativ forklaring av dei fysiske prosessane.

Innhald Emnet gjennomgår fysiske og kjemiske eigenskapar ved atmosfæren og havet og korleis dei påverkar kvarandre. Emnet gjev vidare ei innføring i kva krefter som er årsak til sirkulasjonen i havet og atmosfæren og ein gjennomgang av globale vêrsystem og havstraumar. Studentane vil få ei innføring i dei viktigaste energiformene og korleis energi vert transportert i luft og vatn. Viktige prosessar som til dømes danning av skyer og nedbør, tidevatn og bølgjefenomen vert gjennomgått. Grunnleggjande variasjonar og endringar i klima på ulike tidsskalaer vert og gjennomgått. I gruppeøvingane vert det lagt vekt på ei praktisk innføring i geofysisk dataanalyse ved hjelp av eit moderne programmeringsspråk. Ingen forkunnskapar i programmering er naudsynt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

 Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Matematikk R1+R2 eller MAT111 (kan også lesast parallelt).

Tilrådde forkunnskapar

Fysikk 1+2 eller PHYS101.

Studiepoengsreduksjon

GEOF120 5 stp., GEOF130 5 stp., GEO113 5 stp.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av 4 timar førelesing og 2 timer med kollokvier per veke.

Her inngår opplæring i bruk av biblioteksressursar og praktisk dataanalyse ved hjelp av eit moderne programmeringsspråk.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent semesteroppgåve (Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent samt dei tre etterfølgjande semestra.)

Vurderingsformer

Skriftleg slutteksamen, 5 timar. Må ha godkjent semesteroppgåve for å gå opp til slutteksamen.

Haust 2020 og vår 2021 skal digital skriftleg eksamen gjennomførast heimefrå.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillate, i samsvar med modellar gitt i fakultetet sine reglar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna. der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet studierettleiar@gfi.uib.no.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studierettleiar@gfi.uib.no. Tlf 55 58 28 93