Emner: GEOF346 Tidevannsdynamikk og havnivåvariasjoner - Vår 2021




Studienivå (studiesyklus)

Master/Ph.d.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk. Emnet undervistast på engelsk dersom engelskspråklege studentar melder seg.

Undervisningssemester

Haust, ved behov.
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Mål og innhald

Mål:
Emnet har som mål å gje ei grunnleggjande innføring i tidvassdynamikk og analyse av observerte endringar i vasshøgda og tidvasstraumar, talfesting av storleiken og gjennomgåing av prosessar knytt til tilførsel og uthenting av energi frå tidvatn, og analyse av variasjonar og endring av globalt og regionalt havnivå.

Emnet skal gje forståing for dei underliggjande årsakene til tidvatn og variasjonar i havnivå, og såleis leggja kunnskapsgrunnlaget for korleis tidvatn og havnivå påverkar kystnære områder og infrastruktur.

Innhald:
Emnet tek opp tema som klassisk tidvassmekanikk, analyse og framskriving av tidvatn, tidvassdynamikk generelt og for kystnære områder spesielt, tilførsel og uttak av tidvassenergi, fysiske prosessar knytt til tidvatn, stormflo og tsunami, og variasjonar og endring av globalt og regionalt havnivå.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

 

Ferdigheiter

Studenten

 

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i meteorologi og oseanografi, Bachelorgrad i klima, atmosfære- og havfysikk, i matematikk eller i fysikk.

Tilrådde forkunnskapar

GEOF110 samt GEOF105

Studiepoengsreduksjon

GEOF331: 5 ECTS

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/ ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av forelesningar.

Forelesingar / 4 timar pr. veke i 13 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir gitt oppgåver, inkludert programmeringsoppgåver, gjennom semesteret. Kvar student, eventuelt studentar i mindre grupper, skal levere inn skriftleg løysing av minst to av oppgåvene og skal presentera desse i plenum. Dei skriftlege oppgåveløysingane og presentasjonane må vera godkjent for å kunne gå opp til eksamen. I tillegg er det korte, obligatoriske studentpresentasjonar i plenum av gjennomgått teori ein gong per veke.
Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i tre påfølgjande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Avsluttande, munnleg eksamen, inkludert framlegging av programmeringsoppgåver og spørsmål om oppgåver frå undervisninga, utgjer 100% av karakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart haustsemester.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@gfi.uib.no