Emner: GEOF347 Seminar og jordsystemet og bærekraftig utvikling - Høst 2021




Studiepoeng

5.0

Studienivå (studiesyklus)

Master/ph.d.

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust, ved behov.
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Mål og innhald

Mål:

Jordsystemvitskap går utover tradisjonell klimaforsking ved å inkludere biogeokjemiske syklusar i studiet av klima. Dette gjev viktige koplingar til bærekraftig utvikling, til dømes til energi- og matproduksjon. Studentane vil bli gjort kjende med samspelet mellom biogeokjemiske, fysiske og menneskeskapte prosessar i jordsystemet under påverknad av menneskapte utslepp og energiproduksjon. Emnet skal gjere studentane i stand til å retta eiga forsking til store samfunnsutfordringar og til å bidra til å takla desse.

 

Innhald:

Eit fokusert emne vil verta valt for kvart undervisningssemester (for eksempel målet om å avgrensa global oppvarming til 1,5 grader). Kvar student vil samanfatte og presentere ein sentral fagpublikasjon. Alle studentane vil deretter diskutera presentasjonen og gje presentøren tilbakemeldingar.

 

Generelt vil seminaret femne om problemstellingar som:

- avklaring av omgrepa bærekraft og bærekraftig utvikling og avleia mål

- endring av dei globale elementsyklusane (C, N, P, Si, O) gjennom menneskeleg påverknad på land og av havet, og koplinga til bærekraftig utvikling (status for økosystema, demografisk utvikling og matproduksjon)

- påverknad på økosystemer på land og i havet gjeven fleire, samstundes utsleppsreduserande mål

- oversikt over jordsystemmodellar som inkluderer biogeokjemiske vekselverknader og som simulerer tilbakekoplingar i jordsystemet (inkludert metodar for samanlikning med observasjonar og nye mål)

- introduksjon til integrert vurderingsmodellering

- biogeokjemiske syklusar og sirkulær økonomi

- koplingar mellom forureining og klimaendringar

-verdien av at ulike interessentar engasjerer seg for å løysa globale endringsspørsmål

- døme på fleirdisiplinær forsking

- endring av biologisk mangfald som skuldast klima- og miljøpåverknad

- interaktiv modellering av bruk av land

- biodrivstoff, karbonfangst og -lagring

- kritisk vurdering av klimastyrande tiltak

- verna soner i havet

- drivhusgassar, energiproduksjon og urban planlegging

- store utfordringar grunna bærekraftig samfunnsendring

- løysingsvegar

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

- har grundig innsikt i minst ein av dei store samfunnsutfordringane og kjenner verkty for å meistre desse

- har oversikt om de ulike greinene av forsking på globale endringar

- har opparbeidd avansert kunnskap om globale biogeokjemiske elementsyklusar og menneskeskapte endringar av desse

 

Ferdigheiter

Studenten

- er i stand til å delta i tverrfaglige diskusjonar om bærekraft/samfunnsmessige omleggingar

- er i stand til å justere hans/hennar masteroppgåve mot eit bidrag til å løysa store samfunnsutfordringar

- er i stand til å delta i tverr- og fleirdisiplinære forskingsprosjekter

- kan lese og forstå tverrfaglig vitskaplege tekstar som omhandlar bærekraftig vitskap

 

Generell kompetanse

Studenten

- opparbeider seg erfaring med å presentere ny kunnskap til andre på ein forståeleg måte

- forstår, kritisk evaluerer og samanfattar eit tverrfagleg arbeid fagfellevurdert litteratur

- kan vurdere vitskapelege artiklar i forhold til etiske, vitskapelege og tekniske synspunkt

Krav til forkunnskapar

Masterstudent på Masterprogram i meteorologi og oseanografi, eller tilsvarande masterprogram

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetethttp://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar (introduksjon til emne gjeven av forelesar etterfulgt av studentpresentasjonar, 2 timar per veke).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Vere til stades under forelesningane. Førebu og presentere ein nøkkelpublikasjon til dei andre som følgjer emnet.

Gyldig det semesteret aktiviteten blir godkjent.

Vurderingsformer

Deltaking i forelesingar og diskusjonar. Førebuing og presentasjon av ein publikasjon der presentasjonsmaterialet skal leverast inn.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått/Ikkje bestått

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kun i semester med undervisning.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Geofysisk. institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@gfi.uib.no