Emner: GEOV101 Innføring i geologi - Høst 2021




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:
Emnet har som mål å gje ei innføring i jordas struktur, oppbygnad og prosessar, frå jordas sentrum og til overflata. Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i dei mest sentrale delane av geologifaget samt innsikt i jordas oppbygnad, dei viktigaste grunnstoffa, mineral og bergartar på jorda. Vidare har emnet som mål å gje ei forståing av jordas prosessar, og samspelet mellom dei ulike prosessane, som verkar og har verka for å forme jorda og dei ulike landformene.

Innhald:
Geologi omhandlar jordas indre oppbyggnad og prosessar, samt dei landformene og prosessane som er aktive og verkar på jordas overflate. Undervisninga gjev ei kort innføring i seismologi, geomagnetisme, klassifikasjon av bergartar og mineral, vulkansk og magmatisk aktivitet, jordskjelv, omdanning (metamorfose) og deformasjon av jordskorpa, samt platetektonikk. Videre tek undervisninga for seg forvitring, masserørsle, erosjon og transport og avsetjing av sediment, danning av sedimentære bergartar, samt danning og nedbrytning av ulike landformer.

Læringsutbyte

Kunnskapar
Studenten kan

Dugleik
Studenten kan

Generell kompetanse
Studenten kan

Krav til forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

10 sp overlapp med GEOL101

5 sp overlapp med GEO111

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar og seminar:

 

Førelesning, 4 timer i veka i 10 veker.

Seminar, 2 timer i veka i 12 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminar og innlevering av seminaroppgåver.

Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i tre (3) semester, inkludert semeseteret dei vart godkjente.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

4 timar skriftleg eksamen. Digital eksamen, se http://www.uib.no/student/86719/digital-vurdering-studenter.

Tillate hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med fakultetet sine reglar.

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.